Turar i Leikanger

This slideshow requires JavaScript.

Leikanger kommune er rimeleg sprettbudd med to tettstadar, Leikanger og Hermansverk i austleg del av kommunen, nede ved fjorden. Nordover strekkjer dalane Njøsadalen, Henjadalen og Huks-/Grindsdalen seg. Huksdalen heiter austsida og Grindsdalen heiter vestsida. Njøsadalen og Huksdalen har traktorvegar av varierande kvalitet. Henjadalen har bom sidan vassinntaket ligg her. Brukar du traktorvegane, kjem du lettare opp over skogen og kan nyte utsynet mot Sognefjorden og områda elles. Det er ein klar fordel med ein bil som har litt bakkeklaring.

Vi må heller ikkje gløyme ski- og turområdet Kleppa nordover mot Kjeringafjell som ligg mellom Grindsdalen og Henjadalen. Tek du av frå vegen til Hella og køyrer opp forbi Grinde til Engjasete kjem du til store naturområder som strekkjeer seg heilt bak mot Romedal og vest til Hella. Utover mot Hella kan du kome til dei same områda frå «slepp-køen-forbi»-plassen, i Eitorn eller på Hella.

Samla sett har Leikanger kommune store friluftsområde lett tilgjengelege som kan nyttast på sommars- og vinterstid. Eg har gjennom dei siste åra lagt ut fleire turar med skildringar og bilete. Desse vil eg samle lenker til på denne sida.

Sanden

Njøs og Njøsadalen

Henjadalen

Kleppa og Skahaug

Huks-/Grindsdalen

Eggja

Engjasete

Hella og innover

Presentasjonar i Google Earth

Våren 2011 starta eg med å legge ut kml-filer til bruk for å presentere turane i Google Earth.

Hent filer for Google Earth her

One thought on “Turar i Leikanger

  1. Tilbaketråkk: Tilsynelatande like? – Syril

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s