Tur: Stokksete etter skiløypa

Stokksete etter skiloype 032Turen til Stokksete på 605 moh kan du nå frå fleire stadar:

Du startar på Kleppa og følgjer sti opp slalombakken til Øvstestølen. Frå Øvststølen følgjer du skiløypa fram til Damefall og oppover. Har du gått på ski er terrenget kjent, om ikkje så jamnt og hardt som om vinteren.Frå Øvstestølen og opp til Stokksete er det mykje myr og har du ikkje vasstett fottøy blir du våt.

Du treng ikkje gå tilbake same vegen. Stokksete har flerie alternativ ruter tilbake til parkeringsplassen på Kleppa. Følg sommarstien over vassveitene til Henja eller gå ned til Raumålsgrinda og tilbake til Jakt og Fiskelaget si hytte.

Bileta er teke med eit action-kamera.

 

Advertisements

Alltid unike passord!

thonpassordklartekstEg bestilte eit lite ferieopphald og valde å registrere meg. Når ein opprettar konti, blir ein bedd om å setje eit passord. Overraskinga kom på e-post i etterkant: Eg fekk medlemsnummeret og passordet i klartekst. Eit lite pluss i det negative er at e-posten gjekk via kryptert kanal over internett og ikkje i klartekst.

Eg vil setje søkelyset på det mest sentrale: Det at ein får passordet i klartekst frå ei teneste, er klar indikasjon på at passordet er lagra i klartekst eller i ei kryptert form som gjer at det kan gjenskapast.

Dei som har tilgang til systemet på eit administrativt nivå kan mest sannsynleg lese passorda til kundane. Eg vil understreke at det betyr ikkje at dei gjer det, men at dei vil ha høve til det. Dersom ein trusselaktør (hacker o.l.)  hentar ut data/systemet, kan dei mest sannsynleg finne eller gjenskapa passorda til kundane. Sannsynlegheita for at ekstern aktør får tak i dataene kan vere marginal om det er sikra godt, men det har skjedd og vil skje. Ingen ting er garantert.

Lagring av passord i klartekst eller ei ein form som gjer at det kan gjenskapast er ikkje godt handverk. Eg vil difor minne på at brukaren, du og eg, alltid må ta høgde for at dei som leverer ei teneste kan sjå passordet!

Det er viktig at tenester du teiknar deg for får sitt eige, unike passord som berre blir brukt der og ingen anna stad. Ikkje bruk passordsystem der du har ein liten bit som endrast basert på navn på tenesta og ein fast del som gjer at du kan hugse passord. Kan du hugse passordet på alle dine tenester er det ikkje eit godt teikn. Kan nokon lese passordet ditt ein stad, kan dei lett utlede kva passordet vil vere på ei anna teneste.

Eg svergar til komplett kaos, men eg har hjelp i Keepass. Programmet kan lage infernalsk vanskelege passord, samtidig som det gir meg oversikt over tenestene eg har teikna meg for. Etter over 20 år på internett, har det vorte ein del.

Tilbake til Apple iPad

ipadMin første iPad var Apple iPad 2 i 2011. Som ivrig Gmail/Google-brukar syntes eg at knytinga til dette miljøet var for dårleg. I løpet av åra som har gått har eg vore gjennom fleire Android-baserte nettbrett frå Samsung Galaxy Tab 2 til no sist Lenovo S8-50, som begynte å lugga. Ja, eg har nulltstilt nettbrettet, men problemet held fram og mykje av årsaka er nyare og tyngre nettsider. Eg syntes det var på tide med eit nytt nettbrett, til ein overkommeleg pris.

Eg er ikkje interessert i å betale kr 10.000 for eit brett som for det meste skal brukas til å konsummere tekst, grafikk, bilete, musikk og video over internett. Tyngre kontor-, spelemaskin eller avansert arbeid vil ikkje vere nettbrettet mitt ta seg av. Til det har eg PC. Eg skal slappe av med informasjon på nett, avis, bok, video/film, musikk i horisontalen på sofaen. Uansett det skal ikkje lugge, ytinga må være god.

Eg sikta meg inn på prisen rundt ein Apple iPad i 2017. Ville handle lokalt og sjekka ut alternativ på Elkjøp. Samalikna Apple iPad med Samsung Galaxy Tab A og kom til at ytinga på de nye iPad var radikalt betre enn på Samsung. Eg har tidlegare påpeika at produsentar i Android-leiren har kortare støttetid for sine produkt. Apple oppdaterte Apple iPad 2 i over 5 år (mars 2011 til august 2016). Lenovo S8-50 vart avspist med oppdateringar i 1,5 år. Med allereie 1 år på baken, låg Samsung Galaxy Tab A dårleg an. I tillegg viste testane i lenkene at Apple iPad grusar Samsung Galaxy Tab A på yting.

tabavsipad

Valet var ikkje vanskeleg:

Tur: Raumålsgrinda frå stadion

Turen til Raumålsgrinda frå stadion (barneskulen) er eit godt alternativ til å gå inn Henjadalen. Turen stiller ikkje store krav til fottøy. Joggesko er greit nok.

I høve turen inn Henjadalen til Fivehola eller Flya, er turen opp til Raumålsgrinda under halvparten i distanse – ca 2,5 km. Ulempa er at det er 370 høgdemeter som skal forserast på den kortare distansen.

Frå stadion føl du vegen inn Henjadalen eit par hunder meter, til du kjem til Skiva. Her er det skilta og stien forlet vegen. Du går opp gjennom skogen, forbi Hovdavegen, til Heggedalene over teigar, hogstfelt og gjennom skog. I Heggedalene følgjer du grusvegen opp til siste krappe venstresving. Der forlet du vegen i botnen av Raumålsbakkane for å følgje stien i kant med granfeltet oppover til du nærmar det Raumålsgrinda. Det kan til tider vere litt fuktig like før grinda, men du får heller gå i ytterkant av det våte.

På heimturen, ned til Heggedalene, kan du takka vere hogsten i 2012 nyta utsikta ned mot Hermansverk og innover fjorden. Slik utsikt har du ikkje når du går heim att Henjadalen.

Android – mange kokkar og mykje søl

Android-nettbrettEg har gjennom åra hatt ulike nettbrett, Apple iPad 2 var det første. Eg har i tillegg jobba meg gjennom brett basert på Android frå Samsung, Asus og no sist Lenovo.

Lenovo TAB S8-50F vart lansert hausten 2014. Eg er godt nøgd med maskinvaren, god og lyssterk skjerm samt tilstrekkeleg med kraft for nettlesing og video. Programvaremessig skortar det. I si tid vart det levert med Android 4.4.2 som er oppdatert til Android 5.0.1. Denne siste oppdatering var for ei god tid tilbake oppdaterer og feilrettar Android 5.0.1 ajour til 1. februar 2016. Det er ikkje antydingar til hjå Lenovo om fleire oppdateringar. Matrisa er ajourført i slutten av juni 2017.

Fellesnemnaren eller problemet med  nettbrett (og for den del telefonar) eg har hatt basert på Android er at produsentane ikkje tek ansvar for oppdatering. Er nettbrettet over 1 år er det ikkje sikkert det kjem fleire oppdateringar av operativsystemet Android. Om Microsoft hadde gjort det same med Windows – eitt eller kanskje to år med opparteringar – ville det vorte ramaskrik.

Eg kjem til å gi opp Android og går tilbake til Apple. Om eg hausten 2012 hadde kjøpt Apple iPad 4, er den framleis støtta av Apple. Nesten 5 år med støtte kontra å bli avspist med eitt og eit halvt år frå Lenovo, seier alt.

Sladrehank…

I mai 2017 var det mykje «armar og bein» hjå ulike aktørar då det viste seg at informasjon som låg på «hemmelege adresser» var gjort tilgjengeleg for søk i søkemotoren Bing:

Tausheit er gtull

Legg merke til at eg nytta «hemmelege adresser». I praksis er dette offentlege adresser. Alle som kjenner adressa får vist informasjonen på adressa, du treng ikkje logge deg på. Søkemotorane les og indekserer offentlege sider på internett. Så lenge det ikkje er lenka til den «hemmelege adressa» frå ei opent tilgjengeleg side, var det tidlegare vanleg å legge til grunn at søkemotoren ikkje greidde å nå informasjonen. Tryggleiken var med andre ord basert på at alt og alle teier.

Microsoft informerer om innsamling

Informasjon om innsamling av adresser står i personvernerklæringen til Microsoft. Den norske sida er mogelens tydelegare om at dei brukar loggar frå deg og andre til å forbetre søkeresultanta (dine og andre sine).

win10nettjenester

https://privacy.microsoft.com/en-us/privacystatement

Device and Usage data. We collect data about your device and how you and your device interact with Microsoft and our products. For example, we collect:

  • Product use data. We collect data about the features you use, the items you purchase, and the web pages you visit. This data includes your voice and text search queries or commands to Bing, Cortana, and our chat bots….

Browsing history. If you allow Cortana to use your browsing history, Microsoft will collect your Microsoft Edge search queries and full browsing history, associated with a user ID. Cortana will use this data to learn about you and provide you with timely and intelligent answers and proactice personalized suggestions, or to complete web tasks for you. Cortana won’t collect information about sites you visit in InPrivate tabs.

https://privacy.microsoft.com/nb-no

Nettlesing og nettsøk
På lik linje med mange andre søkemotorer bruker vi søkeloggen din, og logger fra andre personer, til å forbedre søkeresultatene dine. For å øke farten på nettlesingen kan nettlesere fra Microsoft samle inn og bruke leserloggen til å forutse hvor du vil gå. Cortana kan gi deg skreddersydde anbefalinger basert på leser- og søkeloggen.

Du kan velge om leserloggen skal samles inn eller ikke, ved hjelp av innstillingen Tilbakemelding og diagnose i personverninnstillingene i Windows. Du kan også bestemme om Cortana får tilgang til søke- og leserloggen din, i innstillingene for Cortana og Microsoft Edge.

Robots exclusion standard

Årsaka til at fleire tenester har fått indeksert informasjon som var gøymt på «hemmelege adresser» er mest sannsynleg at ein ikkje har tenkt på å implementere robots exclusion standard for området informasjonen ligg på. Det er lett å oversjå når ein trur at søkemotorane aldri vil finne adressa ved tradisjonell kravling over internett.

For å hindre indeksering av informasjon som ikkje skal vere søkbar, må ein heretter alltid gi beskjed til søkemotorane med robots.txt. Eksempelet under gir beskjed at heile nettstaden ikkje skal indekserast:

User-agent: *
Disallow: /

Alle seriøse søkemotorar følgjer desse instruksane, men det er ikkje nok.

Så lenge «hemmeleg» informasjon er tilgjengeleg på ei statisk/fast adresse vil han framleis vere og kunne gjerast tilgjengeleg. Denne gongen var det Edge og Bing, men kva med alle tillegg og applikasjoner ein installerer på Windows. Når blir denne informasjonen samla av ein tredjeparts aktør, og gjort tilgjengeleg på tenester som ikkje følgjer god praksis. Informasjon som ikkje kan vere offentleg for alle, må leggast på ein plass der berre dei som er autorisert til å sjå informasjonen får tilgang.

Windows 10 og personvern

Det kan vere lurt å gå gjennom personverninnstillingane på Windows 10. I det minste bør ein gjere seg kjent med kva som skjer «bak teppet» og slå av det du ikkje ønskjer skal skje. Å hindre at Edge sladrar «hemmelege adresser» til Bing ser ut til å ligge under Tale, håndskrift og skriving.

win10personvern

I tillegg kan du passe på å berre gi Grunnleggende informasjon til Microsoft under Tilbakemelding og diagnose.

win10personvern2

Om eg går til Personvern på min konto hjå Microsoft – https://account.microsoft.com/privacy/ ser eg at det ikkje er samla inn lesarlogg frå Edge eller Internet Explorer. Det trena auga ser at eg nyttar Chrome som nettlesar. Det hender eg prøver Edge, mest for å sjå om han har vorte betre enn når han vart introdusert. Om innsamlinga var på ville det ikkje vore tomt.

win10cortana

Korleis er dine innstillingar?

Adjø tradisjonell TV

appletvEg har vore innom det meste. På 80-talet og utover var det parabol med innslag av bakkesendar som regjerte. TV via fiber tok eg aldri sjansen på. Det var rett og slett for dyrt. I tillegg var tilbakemeldingane heromkring så dårlege at det uansett ikkje hadde vore aktuelt.

I ungdomen var det spanande å få inn noko meir enn NRK, men etter kvart har det vorte mindre og mindre interessant. Eg har aldri hatt behovet for 57 kanalar med ingen ting på. Om so var, gav det seg etter 1 veke på 80-talet. Å betale for ein pakke med mange kanalar gav eg opp for ein del år sidan, nokre få kanalar fekk greie seg.

I vinter kvitta eg med det tradisjonelle tv-abonnement, og kan no berre få inn NRK via RiksTV. Eg ville gå utanom tradisjonelle TV-distributørane og rett på leverandørane. Det skal vere opp til meg kva eg vil sjå på. Eg vil ikkje koma til ein ferdigdekka meny med kanalar, der over halvparten er så godt som uinteressante. Eg vil teikne meg for eit abonnement med leverandør på nokre månadar med enkel på og avmelding. Eg treng ikkje meir enn eit par månadar med Amazon Prime når vil sjå siste serie av Grand Tour med Clarkson, May og Hammond.

AppleTV gjer det leikande lett både med betalt og og gratis tilbod (f. eks. Youtube). OK, eg må ha ein PC til å setje opp kontoen. For meg er det enklast og sikrast. Det beste av alt med den nye TV-kvardagen er at eg får tilgang til programarkivet til leverandørane. Er det eit program eller episode i ein programserie eg ikkje har fått med meg, er det berre å sjå det når det passar meg.

Programarkivet til leverandørane varierer i omfang og kvalitet, men kanskje det viktigaste med endringa er at eg (og famlien) får tilgang til arkivet til NRK. Det er då du skjønar at lisensen faktisk er verd pengane. App’en til NRK er glimrande, spoling i direktesending problemfri. Du kan hoppe inn når som helst dei siste 3 timane i sendeskjema. Har programmet starta, tilbyr app’en å starte frå byrjinga av programmet eller gå direkte inn på sendinga som pågår. Ein treng ikkje følgje klokka med milimeterjustis for å få med seg programmet. Vi kan ta ein tur i det fine veret og sjå programmet ein anna dag.