gpg2go/gpg4u

Gpg2go er ei sterk, portabel krypteringsløysing for kryptering av filer eller pakke ned mappe/-strukturar til ei kryptert fil. Til dette blir gnupg (http://www.gnupg.org) og 7-zip (http://7-zip.org) brukt. Gpg2go kan leggast på ein minnepinne, ekstern disk osv, medan gpg4u skal leggast i brukaren si mappe i Windows XP eller nyare.

Ideen frå http://gpg2go.ifrance.com/ (utgått side) er vidareutvikla slik at du slepp å bruke kommandolina. Denne versjonen brukar enkle ”batch”-filer. Du dreg filer/mapper til eller dobbelklikkar på ikon/”batch”-filene som utfører handlingar med eller utan informasjon frå deg.

Krypteringa er basert på offentleg og privat nøkkel. Din(e) offentleg(e) nøkkel/nøklar kan du dele ut til alle slik at dei kan kryptere data berre til deg. I tillegg kan dei verifisere elektronisk signerte data frå deg. Ein privat nøkkel skal ikkje delast med andre. Du tek godt vare på han. Utan den private nøkkelen er dine krypterte data tapt for evig tid. Du kan lese meir om det her:

Eg har testa løysinga under Windows XP og Windows 7. Ho skal då også fungere under Windows Vista. Du står fritt til å bruke og modifisere ho, men eg er ikkje ansvarleg for bruken av løysingane.

  • Last ned gpg2go – mobil løysing skal pakkast ut mappe/katalog gpg2go på ein minnepenn, ekstern hard disk osv.
  • Last ned gpg4u – pakkast ut til gpg4u i brukaren si mappe/katalog

Manualen finn du i mappa Doc under mappene/katalogane gpg2go eller gpg4u.

Dersom du ønskjer å sende meg konfidensiell informasjon, har eg lagt opp mine offentlege nøklar som du kan laste ned og importere i løysingane.

  • Privat.key
  • Arbeid.key

Alle filene finn du her.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s