Category Archives: Ymse

Adjø tradisjonell TV

appletvEg har vore innom det meste. På 80-talet og utover var det parabol med innslag av bakkesendar som regjerte. TV via fiber tok eg aldri sjansen på. Det var rett og slett for dyrt. I tillegg var tilbakemeldingane heromkring så dårlege at det uansett ikkje hadde vore aktuelt.

I ungdomen var det spanande å få inn noko meir enn NRK, men etter kvart har det vorte mindre og mindre interessant. Eg har aldri hatt behovet for 57 kanalar med ingen ting på. Om so var, gav det seg etter 1 veke på 80-talet. Å betale for ein pakke med mange kanalar gav eg opp for ein del år sidan, nokre få kanalar fekk greie seg.

I vinter kvitta eg med det tradisjonelle tv-abonnement, og kan no berre få inn NRK via RiksTV. Eg ville gå utanom tradisjonelle TV-distributørane og rett på leverandørane. Det skal vere opp til meg kva eg vil sjå på. Eg vil ikkje koma til ein ferdigdekka meny med kanalar, der over halvparten er så godt som uinteressante. Eg vil teikne meg for eit abonnement med leverandør på nokre månadar med enkel på og avmelding. Eg treng ikkje meir enn eit par månadar med Amazon Prime når vil sjå siste serie av Grand Tour med Clarkson, May og Hammond.

AppleTV gjer det leikande lett både med betalt og og gratis tilbod (f. eks. Youtube). OK, eg må ha ein PC til å setje opp kontoen. For meg er det enklast og sikrast. Det beste av alt med den nye TV-kvardagen er at eg får tilgang til programarkivet til leverandørane. Er det eit program eller episode i ein programserie eg ikkje har fått med meg, er det berre å sjå det når det passar meg.

Programarkivet til leverandørane varierer i omfang og kvalitet, men kanskje det viktigaste med endringa er at eg (og famlien) får tilgang til arkivet til NRK. Det er då du skjønar at lisensen faktisk er verd pengane. App’en til NRK er glimrande, spoling i direktesending problemfri. Du kan hoppe inn når som helst dei siste 3 timane i sendeskjema. Har programmet starta, tilbyr app’en å starte frå byrjinga av programmet eller gå direkte inn på sendinga som pågår. Ein treng ikkje følgje klokka med milimeterjustis for å få med seg programmet. Vi kan ta ein tur i det fine veret og sjå programmet ein anna dag.

Advertisements

Opel Antara lyshack

antara_hackKøyrer av og til rundt i ein 2009-modell Opel Antara. I forhold til andre bilar eg har køyrt har Opel eller EU lagt inn ei «felle» for oss nordmenn. Auto-innstillinga er avhengig av lysnivået. Er det dagslys, vil ikkje lyset på Opelen kome på. Van som eg er med bilar med automatisk køyrelys, byrja dette å irritere meg.

Ei løysing ville vore å be verkstaden kople om, men slik vil kosta litt. Ei anna løysing var å lokalisere lysfølaren og dekke han til. Etter å studert dasjbordet nokre gonger, fekk eg mistanken til ei lita halvkule som stikk opp på midtkonsollen. Eg leitte fram svart tape i verktøykassen og dekka ho med nokre små lappar.

Trikset med tape fungerte aldeles glimrande. Sidan lysfølaren no er dekka til og angir mørke heile tida, virkar auto-innstillinga slik eg vil at ho skal virke og ikkje korleis Opel eller EU vil. Til høgre ser du bilete av hacken.

Misforstått service?

Eg er ikkje ein som likar å bruke for lang tid i butikkar. Eg veit kva eg skal ha og det er fort inn, hente, betale og vidare. I dag besøkte eg eg eit lokalt utsal av ei kjede eg har vore innom eit par gonger før. Tidlegare har eg oppdaga det eg trengte eller området det var i frå inngangen. Då var det berre å hente det og returnere til kassen.

Kjeda har mykje løge, men eg greidde ikkje å få auge på avdelinga eller vara med eit kjapt sveip over reolane og veggene frå inngangen. Ekspeditøren var hjelpsam og følgde meg til reolen og plukka fram vara for meg. Når vi gjekk tilbake til kassa, sa eg at det kunne vere lurt om dei kunne henge opp skilt frå taket eller setje opp skilt på reolane, slik at ein lett såg kor dei ulike avdelingane var. Svaret var uventa, men i det minste ærleg. Policy til kjeda er å ikkje merke opp i butikken. Tanken er at kunden, på vegen til vara dei skal ha, vil finne andre varer som dei treng eller har lyst på. Utifrå ein enkel og logisk tankegang virkar det som ein grei måte å auke omsetninga på. For min del er det mangel på service og det må skape ein del meirarbeid for dei tilsette.

Eg sa til ekspeditøren at når det var vanskeleg for meg å finne ei vare i ein butikk, handlar eg på internett. Der er det lett å søke etter det eg treng. Du kan hevde at eg  må betale frakt når eg handlar på nettet. Då må ein høgse på at å løyse bilen for å køyre 4 mil med i tillegg ein bom på 2 x kr 28, er mykje dyrare enn å betale 49 til 150 i frakt med Posten eller eit anna transportfirma. Å måtte vente nokre dagar ser ikkje som noko vesentleg ulempe.

Det er heilt tydeleg at kjeda ikkje har hatt kundar som meg i tankane. Eg er vel kanskje litt spesiell sidan eg,  for å spare tid på å lese nyhende, brukar programvare til å lese nettsidene og markerer det som er nytt sidan sist.

Jammen har vi nordmenn fått god råd

I dag var det eit innslag i Aftenposten på kven som var lønsvinnarane siste år. Eg nøsta meg tilbake og plukka ut ein tabell frå Samfunnsnotat nr 12 /11 til LO med oversikt over lønsauken frå og med 1990 fram til og med 2010. Deretter besøkte eg SSB som kunne opplyse at konsumprisindeksen frå og med januar 1990 til og med desember 2010 var:

Deretter sett eg meg ned med eit rekneark og gjorde nokre utrekningar som baserer seg på industrien i alt.

For å vere litt romsleg kan vi sei at reallønsveksten, dvs meirauke i løn enn prisstiginga, er på ca 55% i perioden.

Det må vere lov å stille spørsmål om ikkje dette har hatt innverknad på konkurranseevna til Noreg. Det er berre å sjå til Tyskland i artikkelen «Ti år uten lønnsøkning i Tyskland» av Dagens Næringsliv av 28.12.2011:

Deler man de tyske lønnsmottakere inn i ti grupper rangert etter nettoinntekt, så har ti-delen med lavest lønn hatt en reallønnsnedgang på nesten 20 prosent fra 2000 til 2010, mens den ti-delen som tjener best har hatt en reallønnsøkning på 2,7 prosent. Ikke per år, men totalt for alle de ti årene.

Kun to av de åtte andre gruppene har hatt en svært liten reallønnsøkning.

Det var en gang en maur….

Eg er usikker på kor historia kjem frå. Søk på Mauren løven kakkerlakken gir fleire nyare treff. På engelsk vert historia kalla «The ant fable». Historia er til ettertanke:

Det var en gang en maur. Den gikk til jobben tidlig hver morgen for å arbeide. Mauren var flittig og likte jobben sin. Lederen, løven, ble overrasket da han fikk se at mauren var effektiv uten noen over seg som ledet arbeidet. Han tenkte, om mauren er så effektiv uten arbeidsledelse, så bør mauren være ennå mer effektiv med noen til å lede arbeidet.

Løven ansatte Kakkerlakken som hadde lederutdanning og var kjent for sine grundige rapporter. Kakkerlakkens første oppdrag var å lage et arbeidsskjema. Han behøvde også en sekretær for å føre rapporter så han ansatte en edderkopp for å holde rede på arkivet og svare på telefoner.

Løven var begeistret over de rapporter som kakkerlakken skrev, og ba ham om å lage diagrammer over produksjonen og analysere utviklingen. Disse dokumentene kunne Løven vise sjefen sin. Kakkerlakken var tvunget til å kjøpe en pc og ansatte flua som ansvarlig for IT-avdelingen.

Mauren, som tidligere var en glad og produktiv arbeidstaker, hatet sin nye jobb, han var jo tvunget til å gå på ulike møter og beskrive sitt arbeide i ulike rapporter og registrere alle avvik!

Løven syntes det var på høy tid å ansette en sjef til enheten der Mauren jobbet. Sjefsstillingen ga han til kleggen, hvis første innsats var å kjøpe en fin matte og en ergonomisk arbeidsstol til kontoret. Den nye sjefen, Kleggen, behøvde naturligvis også en pc, og en personlig assistent for å kunne framstille en plan for å optimalisere arbeidet og budsjettet.

Enheten der Mauren jobbet var ikke lengre en trivelig arbeidsplass, alle var irriterte og urolige for sin framtid. Da foreslo Kleggen til Løven at man burde foreta en arbeidsmiljøkartlegging. Det framkom at Maurens enhet hadde høyere kostnader og produktiviteten hadde minsket. Da ansatte Løven Uglen, en velrenomert konsulent som skulle foreta en undersøkelse og komme med forslag til forandringer. Ugla gransket virksomheten i tre måneder og fikk fram en gigantisk rapport hvor resultatet viste at :

“Det er for mange ansatte…”

Gjett hvem Løven avskjediget først?  Naturligvis Mauren, da rapporten viste at han led av “mangel på motivasjon og hadde en negativ innstilling”.

Valfarsen i Leikanger

Eg les forsvaret til ein tidlegare arbeidarpartiveljar i Sogn Avis den 17.09.11. La oss først gå gjennom artiklane som er publisert på nettet:

Legg merke til datoen i den siste artikkelen. Det som saka står og fell på var oppe i Leikanger AP sitt styre 06.09.2011, i god tid før valet. Leikanger AP sitt styre haldt avstemming over innvendingane frå Tobias Dahle. Han vart nedstemt med fire mot to.

Striden rundt den nedredigerte, meir kompakte foldaren oppstod før 06.09.2011. I den siste lenka med kommentar frå Knut Henning Grepstap oppgir Tobias Dahle at striden oppstod to veker før valet, med andre ord i månadsskiftet august/september.

Den 09.09.2011 har Tobias Dahle eit innlegg i Sogn Avis som arbeidarpartimedlem:

Eg har teke meg den fridom å legge ved eit bilete av innlegget. Det er mogleg at ikkje eg ser det, men ikkje på nokon stad i innlegget gir Tobias Dahle uttrykk for at han meinar at det er vesentlege avvik mellom foldaren og partiprogrammet. Med andre ord, i innlegget som blir publisert 3 dagar etter at avgjerda om å fasthalde foldaren, framstår Tobias Dahle som ein ordinær representant for Leikanger Arbeidarparti.

I mine auge hadde Tobias Dahle meir enn nok tid på seg til å presisere det han meinte var eit avvik mellom foldaren og programmet mellom den 06.09.2011 og 12.09.2011. Han gav ingen signal i sitt innlegg publisert 09.09.2011 og det var heller ingen signal som eg har greidd å plukke opp, før han brått melde seg ut av Leikanger Arbeidarparti, like etter at vallokala stengde.

Reaksjonane lot ikkje vente på seg både frå redaktør i Sogn Avis og politisk kommentator:

Eg har aldri har forstått kva som var det vesentlege avviket som kunne føre til denne drastiske handlinga. Eg har heller ikkje forstått kvifor Tobias ikkje kunne gi klart uttrykk for sine meiningar, presisere avviket eller gjere veljaren merksam på avviket, slik at veljaren kunne vurdere tilhøvet før valdagen. I eit demokrati må det alltid vere opp til veljarane å vurdere om ein kandidat på lista står for noko veljaren står for. Det er difor vi har moglegheita til å kumulere slik at sluttresultatet kan bli annleis. Sett i lys av den tragiske hendinga i juli i år med det påfølgjande unisone oppropet om meir demokrati, virkar Tobias si handling merkeleg og stikk i strid med mantra frå berre ein og ein halv månad før.

Etter mi meining kan Tobias Dahle sin framgangsmåte vanskeleg forsvarast på nokon måte.