Category Archives: Skule

Å gjere lekser eller ikkje…..

Det er ikkje til å tru kva enkelte greier å få til å sei. Det kan godt vere at det er journalisten som har vinkla det litt skarpt for å sikre at mediet held fram med å vere «økonomisk levedyktig» i desse tider. Å hevde at lekser ikkje har effekt og at det i tillegg, no sist, blir vinkla som at eleven og studenten med lov, eller rettar sagt utan, lova i hand kan hevde at han/ho ikkje er pliktig å gjere lekser…. Vel, eg er mållaus. Det virkar som om nokon har opna kjeften utan å setje hjernen i gir. 

Det er mogleg at eg er gamaldags og rar, men eg er av den oppfatninga at skal du bli skikkeleg god i noko, så må du øve eller trene. Yngwe Malmsteen, Joe Satriani, Steve Vai med fleire gitaristar får ikkje fingrane til å flyge over strengane og banda med å spele World of Warcraft eller rotne vekk framfor TVen. Bjørn Dæhlie med fleire fekk ikkje opp farten ved å søkke djupt ned i sofaen etter at klokka har passert 16.00. Du set ikkje utfor Kitzbuel utan eit solid treningsgrunnlag, med mindre du har eit ønskje om å forlate jorda. Ein sjakkspelar blir ikkje god fordi han veit at tårnet kan flyttast horisontalt eller vertikalt, han må ha spela mange spel for å kunne analysere spelet godt. Skal vi oppleve at trening før kl 08.00 og etter kl 16.00 blir sett på som doping?

La meg få sleppe å høyre at ein eller anna seier at lekser ikkje er til hjelp. Eg har ikkje det minste tru på hypotesa. Eventuelle datagrunnlag for slike analyser på gjennomgåast på nytt og det må gjerast studie på studie for å endeleg slå fast denne teorien.

Ganging

Jentene er i tredje klasse og eg ser matematikk som eit område det er viktig å styrke seg på. Eg har laga til eit rekneark som generere ekstra oppgåver dei får å bryne seg på. Er du interessert, kan du hente reknearket i Microsoft Excel-format her:

I fana Rettleiing set du inn minste og største tal som skal brukast. Oppgåvene, klare for utskrift, finn du i fana Oppgåver. Kvar gong du opnar fila vil det bli generert nye oppgåver. I Microsoft Excel kan du lage nye oppgåver ved å trykkje tasten F9.

Pluss og minus

Jentene er i tredje klasse og eg ser matematikk som eit område det er viktig å styrke seg på. Eg har laga til eit rekneark som generere ekstra oppgåver dei får å bryne seg på. Er du interessert, kan du hente reknearket i Microsoft Excel-format her.

I fana Rettleiing set du inn minste og største tal. Oppgåvene, klare for utskrift, finn du i fana Oppgåver og er lagt opp slik at ein ikkje vil få negative tal. Dei passar for ungar i barneskulen før dei lærer om negative tal. Kvar gong du opnar fila vil det bli generert nye oppgåver. I Microsoft Excel kan du lage nye oppgåver ved å trykkje tasten F9.