Category Archives: Friluftsliv

Tur: Hest via Kvinnedalen og Vassvarden til Hella

Hest til Hella 0Om du er lei av å gå frå Hest, nordover til Midteggi og sørspissen av Stav, for å gå ned Troeggi til Vassvarden, kan turen ned i Kvinnedalen og opp på Vassvarden vere eit alternativ. Turen passar best på seinsommaren, seint i august, september eller i oktober. Snøen er smelta og vassføringa er mindre. Det vert enklare å ta seg tørrskodd over elva Kvinna.

Bilete til høgre viser Hest litt til høgre av midten på bilete. I midten av bilete ser ein ned i Kvinnedalen. Frå toppen og varden går du i sørleg retning og svingar vestover, ned i Kvinnedalen. Turen ned er oversiktleg og grei. Med godt ver har du heile tida oversikt over kor Vassvarden er. Du skal sikte deg inn mot ei lite stykke nordom varden. På vegen ned frå foten til toppen av Hest passerer du i nærleiken av Soleihaugen på veg ned mot Gamlestølen. Ver merksam på at det er eit sæl på vestsida av Kvinnedalen. Det er Nyanstøl. Dit skal du ikkje, med mindre du har lyst til å tape og vinne att 100 ekstra høgdemeter.

I dag er Gamlestølen berre ein plass, eit litt større og flatare område, nede i Kvinnedalen. Tittar du på bilete over vil du sjå ei naturleg «line» i terrenget som peikar inn i dalen. Føl du lina, tek ho deg ned til området ved Gamlestølen (midt i bilete), der du skal krysse elva Kvinna. Ved lite vassføring er det enkelt å finne steinar å stige på, for å kome over. Ved høgare vassføring, må du leite litt etter den beste plassen å krysse.

Etter kryssinga av elva er det berre å jobbe seg opp lia til Vassvarden. Du må hente inn vel 200 høgdemeter før du er oppe. Turen er totalt sett ein grei tur å ta ein gong. Du får i det minste litt merksemd frå sauene i området. Men om du verdset ei naturoppleving, får du mykje meir att for å ta turen frå Hest, nordover til Midteggi og sørspissen av Stav, for å gå ned Troeggi til Vassvarden.

Eg har ikkje gått turen med kamera og teke bilete. GPS-spora i bileta frå Google Earth saman med bilete eg tok frå Vassvarden mot Hest, gir eit godt innblikk i korleis terrenget og eit inntrykk av turen.

Advertisements

Tur: Okslahaugane

Stokksete til Okslahaugane 043Frå skiltet og turposten til Syril på Stokksete held du fram nordover og kjem deg opp til den skarpe svingen under Kallbakk. Her skal du ned i Aoreveitane. Det er ikkje merka sti å gå etter Når du står nede i Aoreveitane, siktar du mellom tredje og fjerde haugen aust for Fagreggi. Du skal skimte eit berg der oppe som du skal opp på. Hald retninga mot den fjerde haugen aust for Fagreggi. Oppgangen startar like under den.

Først bekken er grei å oppdage og krysse. Småskogen tettar seg til, men gå rundt på vest/venstre sida før du held fram mot den fjerde haugen. Neste bekk skal kryssast akkurat der den svingar frå nord til aust. Går du feil og kjem for langt aust, følgjer du berre bekken vestover til han kjem ned frå nord. I svingen vil det vere eit dyrerekkje som du skal følgje opp gjennom skogen. Halvveges oppi må du ut på myr og jobbe deg opp til berga eg nemnde. Etterkvart vil skogen minske og bli borte slik at du nyte utsikta.

Oppe på nedre Okslahaugane ser du Kjeringafjell, Kjeringastein og Sevi samt inn mot Skuledalen. Sikte deg inn mot Kjeringasteinen, som står oppi fjellet bak Fagreggi, og gå mot den i forholdsvis slake området. Når det byrjar å stige godt igjen, kan du finne eit berg å raste på og nyte niste, utsikt og friskt smeltevatn.

Turen er delt i to:

  1. Stokksete etter skiløype
  2. Stokksete til Okslahaugane

Bileta er teke med eit action-kamera.

Tur: Stokksete etter skiløypa

Stokksete etter skiloype 032Turen til Stokksete på 605 moh kan du nå frå fleire stadar:

Du startar på Kleppa og følgjer sti opp slalombakken til Øvstestølen. Frå Øvststølen følgjer du skiløypa fram til Damefall og oppover. Har du gått på ski er terrenget kjent, om ikkje så jamnt og hardt som om vinteren.Frå Øvstestølen og opp til Stokksete er det mykje myr og har du ikkje vasstett fottøy blir du våt.

Du treng ikkje gå tilbake same vegen. Stokksete har flerie alternativ ruter tilbake til parkeringsplassen på Kleppa. Følg sommarstien over vassveitene til Henja eller gå ned til Raumålsgrinda og tilbake til Jakt og Fiskelaget si hytte.

Bileta er teke med eit action-kamera.

 

Tur: Raumålsgrinda frå stadion

Turen til Raumålsgrinda frå stadion (barneskulen) er eit godt alternativ til å gå inn Henjadalen. Turen stiller ikkje store krav til fottøy. Joggesko er greit nok.

I høve turen inn Henjadalen til Fivehola eller Flya, er turen opp til Raumålsgrinda under halvparten i distanse – ca 2,5 km. Ulempa er at det er 370 høgdemeter som skal forserast på den kortare distansen.

Frå stadion føl du vegen inn Henjadalen eit par hunder meter, til du kjem til Skiva. Her er det skilta og stien forlet vegen. Du går opp gjennom skogen, forbi Hovdavegen, til Heggedalene over teigar, hogstfelt og gjennom skog. I Heggedalene følgjer du grusvegen opp til siste krappe venstresving. Der forlet du vegen i botnen av Raumålsbakkane for å følgje stien i kant med granfeltet oppover til du nærmar det Raumålsgrinda. Det kan til tider vere litt fuktig like før grinda, men du får heller gå i ytterkant av det våte.

På heimturen, ned til Heggedalene, kan du takka vere hogsten i 2012 nyta utsikta ned mot Hermansverk og innover fjorden. Slik utsikt har du ikkje når du går heim att Henjadalen.

Tur: Ryggen mellom Vogga og Røsebotn

rygg-vogga-rosebotn-035Med turen til Røsebotn har du investert vel 3 timar på tur utan at du har kome deg i posisjon til å nyte utsikt over vestlandsnaturen. Mitt råd er at du investerer 1 time til på å koma deg opp på ryggen som går mellom Røsebotn og Vogga (inst i Friksdalen). Frå 1420 moh har du god utsikt rundt deg.  Om du vil nærare Vogge- og Myrdalsbreen er dei 15-20 minutt unna.

For å kome opp på ryggen føresler eg at du går inst i Røsebotn og finn skråninginga som skråar i sørleg retning opp til heimste del av ryggen. Når du kjem opp, kan du ta ein titt ned i Vogga før du følgjer dyrerekkje framover til du endar opp i lav og stein etter kvart som du nærmar deg målet. I sør til sørvest ser du mot Blankavatni under Kjeringafjell (1314 moh) og Kaldekletten (1320 moh). I vest ser du ned i Vogga, Voggevatnet og bort på Friksdalseggi (1455 moh). Bak dei ser du Hest (1360 moh) og Stav (1458 moh). I nord ser du Skarholten (1543 moh) samt Vogge- og Myrdalsbreen med det høgaste punktet på 1570 moh. I aust har du Røsebotn med Svolsetfjellet. I tillegg kan du på ein godversdag sjå inn i Hurrungane, mot Kaupanger, øvre Sogndal, Øvstedalen, Fjærlandsete og Lusaskard.

Turen opp på ryggen er delt i fem deler:

  1. Fram Henjadalen til Filvelshola (Flotande) og Flyane
  2. Flyane til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal
  4. Friksdal til Røsebotn
  5. Røsebotn og opp på ryggen

Tur: Røsebotn

rosebotn-036Frå stølsområdet i Friksdal kryssar du Friksdøla på brua like nordom stølen. Framover dalen følgjer du eit dyrerekkje (dyresti) til du kjem til elva Røsebotna som kjem ned frå Røsebotn. Du skal berre opp ca 100 høgdemeter i høve stølsområdet. Turen fram går i slak motbakke. Stien er tydeleg, men forsvinn delvis i dei korte, blaute parti.

Når du er komen fram til elva Røsebotna, kryssar du ikkje elva. Du skal følgje dyrerekkje opp lia på høgre side (austsida). Bit deg merke i 2 store steinar som ligg til høgre for elva, øvst i lia, mot himmelen. Bruk steinane som målet for oppstiginga. Stien blir mindre tydeleg og så godt som forsvinn halvveges oppe i lia.

Når du oppkomen, finn du eit dyrrekkje du kan følgje innover til botn av dalen. Liene på begge sider inviterer til turar opp for å få betre utsikt. Ryggen i vest endar opp på 1420 moh og gir deg i tillegg til utsikt over Røsebotn ut mot Friksdalen, utsikt over Vogge-, Myrdalsbreen, Voggevatnet samt indre del av Friksdalen kalla Vogga. På ein godvers dag ser du til Hurrungane.

Brukar du sykkel til Flya, må du rekne at turen til Røsebotn tek minst 3 timar ein veg.

Turen til Røsebotn er delt i fire deler:

  1. Fram Henjadalen til Filvelshola (Flotande) og Flyane
  2. Flyane til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal
  4. Friksdal til Røsebotn

 

Tur: Njøsadalen rundt

000 Njosadalen rundtNjøsdalen rundt er ein tur på vel 20 km som er fullt mogleg å gjennomføre på ein helgedag eller langkveld om sommaren. Du må rekne med 5 til 7 timar alt etter tempo og pausar. Det viktigaste er at du ikkje set ut i eit forrykande tempo. Ikkje minst er det viktig å ha med seg nok næring i sekken, vatn og ekstra klede. Det er kjøligare på toppane.

Det er fritt val om du vil starte på Njøs eller på Kvålen. Eg gjekk turen heimanfrå via Kvålen, til Haoahaug og Skagasete. Frå Kvålen skal du til du er oppe på Rjupeskar (Plassen har same namnet som den i Kleppa-området.) gjere unna ca 800 høgdemeter. Frå Rjupeskar er det eit slakara parti før toppen Lusaskard. Går du tidleg på året, kan du drikke opp og fylle flaska i dette partiet. Friskt smeltevatn er ikkje godt både og drikke og kjøle seg med. Oppe på Lusaskard passar det med første matpausen.

Etter matpausen går du i retning Øvstedalen og ned til Hottadalen, ei nedstiging på 270 høgdemeter. Dette er første gongen bremsane må skikkeleg på. Frå Hottadalen er det berre å følgje stien over Geitadalen til Tuftahaug. På Tuftahaug passar det med ein drikkepause slik at du kan fylle på flaska i Malinabekken. Bekken, eller oppkoma, finn du heimom det svarte selet/hytta. Ikkje fyll flaska frå bekken som renn forbi det eldste selet. Vatnet kjem frå ei tjørn og er ikkje tilrådeleg å drikke.

Etter at du har fylt flaska i Malinabekken, går du tilbake til det svarte selet/hytta. På baksida finn du starten på stien som tek deg i retning av Havrane. Etter kvart som du nærmar deg Havrane blir stien vanskelegare å følgje, men så lenge du held retningen mot Mjellhaugane og kryssar under lina kjem du til fremsta Havravatnet. I nordaust-enden, der vatnet renn ut i Øvstedalen, er det eit stort raudt merke på ein stein. Merket markerer starten på Moldbakken.

Opp Moldbakken har du meir enn nok med å studere vegetasjonen. Det er bratt. Eit stykke oppi skråar stien bortetter, over Havravatnet. I starten rasa yste del av stien ut vinteren 15/16, men det går greit å forsere. Stien går på kanten, over vatnet, så her er tipset å halde fokus rett fram. Pass på å ikkje stylke i småbusker som heng over kanten, men som har rota på andre sida av stien. Når det verste partiet er unnagjort, går du opp og ut av skogen. Det er like greit å halde retningen mot sør, like under Mjellhaugane. Bak horisonten finn du restane av Bergsete, ein støl som vart gitt opp. Ta ein god rast og matpause før du går sørover.

Det er sett opp skilt og merka med raudt på tre heilt til Hangsete. Første halvdelen av turen dit er i slakt terreng før du byrjar nedstiging i skogsgrensa. Det er her den lange bremseetappen byrjar og det er ikkje slutt før du står på Njøs. Om sommaren kan du helse både på sau og kyr på Hangsete. Rastar du der kan hestane etter ei tid verte litt nysjerrige på om du har noko godt med deg.

Frå Hangsete følgjer du stien ned på Bjørgahaug og tek Kidlestigen ned på Njøs. Bjørgahaug er vel verd ein stogg for å ta flotte utsiktsbilete og «sjølvies». Det kan vere lurt å tøyge ut litt før Kidlestigen og 300 høgdemeter ned på litt over 1 km distanse. Etter nesten 20 km på tur i varierande terreng, vil du merke den nedstiginga.