Monthly Archives: juli 2017

Alltid unike passord!

thonpassordklartekstEg bestilte eit lite ferieopphald og valde å registrere meg. Når ein opprettar konti, blir ein bedd om å setje eit passord. Overraskinga kom på e-post i etterkant: Eg fekk medlemsnummeret og passordet i klartekst. Eit lite pluss i det negative er at e-posten gjekk via kryptert kanal over internett og ikkje i klartekst.

Eg vil setje søkelyset på det mest sentrale: Det at ein får passordet i klartekst frå ei teneste, er klar indikasjon på at passordet er lagra i klartekst eller i ei kryptert form som gjer at det kan gjenskapast.

Dei som har tilgang til systemet på eit administrativt nivå kan mest sannsynleg lese passorda til kundane. Eg vil understreke at det betyr ikkje at dei gjer det, men at dei vil ha høve til det. Dersom ein trusselaktør (hacker o.l.)  hentar ut data/systemet, kan dei mest sannsynleg finne eller gjenskapa passorda til kundane. Sannsynlegheita for at ekstern aktør får tak i dataene kan vere marginal om det er sikra godt, men det har skjedd og vil skje. Ingen ting er garantert.

Lagring av passord i klartekst eller ei ein form som gjer at det kan gjenskapast er ikkje godt handverk. Eg vil difor minne på at brukaren, du og eg, alltid må ta høgde for at dei som leverer ei teneste kan sjå passordet!

Det er viktig at tenester du teiknar deg for får sitt eige, unike passord som berre blir brukt der og ingen anna stad. Ikkje bruk passordsystem der du har ein liten bit som endrast basert på navn på tenesta og ein fast del som gjer at du kan hugse passord. Kan du hugse passordet på alle dine tenester er det ikkje eit godt teikn. Kan nokon lese passordet ditt ein stad, kan dei lett utlede kva passordet vil vere på ei anna teneste.

Eg svergar til komplett kaos, men eg har hjelp i Keepass. Programmet kan lage infernalsk vanskelege passord, samtidig som det gir meg oversikt over tenestene eg har teikna meg for. Etter over 20 år på internett, har det vorte ein del.

Advertisements

Tilbake til Apple iPad

ipadMin første iPad var Apple iPad 2 i 2011. Som ivrig Gmail/Google-brukar syntes eg at knytinga til dette miljøet var for dårleg. I løpet av åra som har gått har eg vore gjennom fleire Android-baserte nettbrett frå Samsung Galaxy Tab 2 til no sist Lenovo S8-50, som begynte å lugga. Ja, eg har nulltstilt nettbrettet, men problemet held fram og mykje av årsaka er nyare og tyngre nettsider. Eg syntes det var på tide med eit nytt nettbrett, til ein overkommeleg pris.

Eg er ikkje interessert i å betale kr 10.000 for eit brett som for det meste skal brukas til å konsummere tekst, grafikk, bilete, musikk og video over internett. Tyngre kontor-, spelemaskin eller avansert arbeid vil ikkje vere nettbrettet mitt ta seg av. Til det har eg PC. Eg skal slappe av med informasjon på nett, avis, bok, video/film, musikk i horisontalen på sofaen. Uansett det skal ikkje lugge, ytinga må være god.

Eg sikta meg inn på prisen rundt ein Apple iPad i 2017. Ville handle lokalt og sjekka ut alternativ på Elkjøp. Samalikna Apple iPad med Samsung Galaxy Tab A og kom til at ytinga på de nye iPad var radikalt betre enn på Samsung. Eg har tidlegare påpeika at produsentar i Android-leiren har kortare støttetid for sine produkt. Apple oppdaterte Apple iPad 2 i over 5 år (mars 2011 til august 2016). Lenovo S8-50 vart avspist med oppdateringar i 1,5 år. Med allereie 1 år på baken, låg Samsung Galaxy Tab A dårleg an. I tillegg viste testane i lenkene at Apple iPad grusar Samsung Galaxy Tab A på yting.

tabavsipad

Valet var ikkje vanskeleg:

Tur: Raumålsgrinda frå stadion

Turen til Raumålsgrinda frå stadion (barneskulen) er eit godt alternativ til å gå inn Henjadalen. Turen stiller ikkje store krav til fottøy. Joggesko er greit nok.

I høve turen inn Henjadalen til Fivehola eller Flya, er turen opp til Raumålsgrinda under halvparten i distanse – ca 2,5 km. Ulempa er at det er 370 høgdemeter som skal forserast på den kortare distansen.

Frå stadion føl du vegen inn Henjadalen eit par hunder meter, til du kjem til Skiva. Her er det skilta og stien forlet vegen. Du går opp gjennom skogen, forbi Hovdavegen, til Heggedalene over teigar, hogstfelt og gjennom skog. I Heggedalene følgjer du grusvegen opp til siste krappe venstresving. Der forlet du vegen i botnen av Raumålsbakkane for å følgje stien i kant med granfeltet oppover til du nærmar det Raumålsgrinda. Det kan til tider vere litt fuktig like før grinda, men du får heller gå i ytterkant av det våte.

På heimturen, ned til Heggedalene, kan du takka vere hogsten i 2012 nyta utsikta ned mot Hermansverk og innover fjorden. Slik utsikt har du ikkje når du går heim att Henjadalen.

Android – mange kokkar og mykje søl

Android-nettbrettEg har gjennom åra hatt ulike nettbrett, Apple iPad 2 var det første. Eg har i tillegg jobba meg gjennom brett basert på Android frå Samsung, Asus og no sist Lenovo.

Lenovo TAB S8-50F vart lansert hausten 2014. Eg er godt nøgd med maskinvaren, god og lyssterk skjerm samt tilstrekkeleg med kraft for nettlesing og video. Programvaremessig skortar det. I si tid vart det levert med Android 4.4.2 som er oppdatert til Android 5.0.1. Denne siste oppdatering var for ei god tid tilbake oppdaterer og feilrettar Android 5.0.1 ajour til 1. februar 2016. Det er ikkje antydingar til hjå Lenovo om fleire oppdateringar. Matrisa er ajourført i slutten av juni 2017.

Fellesnemnaren eller problemet med  nettbrett (og for den del telefonar) eg har hatt basert på Android er at produsentane ikkje tek ansvar for oppdatering. Er nettbrettet over 1 år er det ikkje sikkert det kjem fleire oppdateringar av operativsystemet Android. Om Microsoft hadde gjort det same med Windows – eitt eller kanskje to år med opparteringar – ville det vorte ramaskrik.

Eg kjem til å gi opp Android og går tilbake til Apple. Om eg hausten 2012 hadde kjøpt Apple iPad 4, er den framleis støtta av Apple. Nesten 5 år med støtte kontra å bli avspist med eitt og eit halvt år frå Lenovo, seier alt.