Monthly Archives: mai 2017

Adjø tradisjonell TV

appletvEg har vore innom det meste. På 80-talet og utover var det parabol med innslag av bakkesendar som regjerte. TV via fiber tok eg aldri sjansen på. Det var rett og slett for dyrt. I tillegg var tilbakemeldingane heromkring så dårlege at det uansett ikkje hadde vore aktuelt.

I ungdomen var det spanande å få inn noko meir enn NRK, men etter kvart har det vorte mindre og mindre interessant. Eg har aldri hatt behovet for 57 kanalar med ingen ting på. Om so var, gav det seg etter 1 veke på 80-talet. Å betale for ein pakke med mange kanalar gav eg opp for ein del år sidan, nokre få kanalar fekk greie seg.

I vinter kvitta eg med det tradisjonelle tv-abonnement, og kan no berre få inn NRK via RiksTV. Eg ville gå utanom tradisjonelle TV-distributørane og rett på leverandørane. Det skal vere opp til meg kva eg vil sjå på. Eg vil ikkje koma til ein ferdigdekka meny med kanalar, der over halvparten er så godt som uinteressante. Eg vil teikne meg for eit abonnement med leverandør på nokre månadar med enkel på og avmelding. Eg treng ikkje meir enn eit par månadar med Amazon Prime når vil sjå siste serie av Grand Tour med Clarkson, May og Hammond.

AppleTV gjer det leikande lett både med betalt og og gratis tilbod (f. eks. Youtube). OK, eg må ha ein PC til å setje opp kontoen. For meg er det enklast og sikrast. Det beste av alt med den nye TV-kvardagen er at eg får tilgang til programarkivet til leverandørane. Er det eit program eller episode i ein programserie eg ikkje har fått med meg, er det berre å sjå det når det passar meg.

Programarkivet til leverandørane varierer i omfang og kvalitet, men kanskje det viktigaste med endringa er at eg (og famlien) får tilgang til arkivet til NRK. Det er då du skjønar at lisensen faktisk er verd pengane. App’en til NRK er glimrande, spoling i direktesending problemfri. Du kan hoppe inn når som helst dei siste 3 timane i sendeskjema. Har programmet starta, tilbyr app’en å starte frå byrjinga av programmet eller gå direkte inn på sendinga som pågår. Ein treng ikkje følgje klokka med milimeterjustis for å få med seg programmet. Vi kan ta ein tur i det fine veret og sjå programmet ein anna dag.

Kidnapping av data

WannaCryptDenne helga blei livlig. WannaCrypt (WC) slo ned og herja med filene til offera. Så lenge du hadde gjort same feila, viste WC ingen nåde om du var lekmann/-kvinne eller profesjonell aktør. Filene dine vart kryptert og du vart presentert krav om løysepengar på ca 300 USD i løysepengar. Betalar du ikkje innan den første fristen får du ein ny frist, men beløpet aukar. Om du ikkje betaler, vil filene gå tapt.

WC ser ut til å ha kome i e-postar og blitt aktivert ved at ein klikkar på lenker som er noko anna enn dei gir seg ut for. I tillegg hadde det, takka vere ein svakheit i Windows, som Microsoft fjerna i mars 2017, stor evne til å spreie seg i nettverk der maskinene ikkje var oppdaterte.

WC søker etter filer/dokument/bilete/video osv på maskina sine eigne diskar, eksterne diskar og diskar/ressursar på nettet. Alt WC finn vil den forsøke å låse ned. Nokre tips:

  • Hald systema dine oppdatert. Køyr eit operativsystem som framleis er støtta av leverandør og syt for at det får automatiske oppdateringar. Er du på Windows XP eller Vista, kjøp ny maskin. Maskinene i dag kjem med siste Windows som vert aktivt vedlikehalden. På maskinvarenivå har det også skjedd mykje for å forhindre skadevare/root kits!
  • Bruk profesjonelle levarandørar av e-post. Dei har system for å filtrere ut skadevare effektivt.
  • Alltid undersøk lenker i e-postar, til og med dei som ser ut til å kome frå kjente avsendarar. I e-post kan ting sjå annleis ut enn det faktisk er. Avsendar kan forfalskast. Lenker kan få ein anna tekst, som klikk her, enn den verkelege adressa. Undersøk alltid lenka ved å halde musepeikaren over ho. Adressa til lenka vil du sjå nede på statuslina i nettlesar eller e-postprogram. Er du i tvil skal du aldri klikke på lenka!
  • To brukarkonti på maskin(ene dine):
    1. Standarbrukar som du brukar til dagen.
    2. Administrator til å installere programvare og systemendringar.
  • Ha backup liggande på diskar eller i skya som IKKJE er kopla til maskin(ene) heile tida. Ei teneste for synkronisering som Dropbox, OneDrive, GoogleDrive osv standard oppsett er ikkje god nok. Filer på PCen vert kryptert, orginalane sletta og alt synkronisert opp i skya.
  • Dei siste versjonane av Windows har eigen anti-virus, men det kan vere lurt å undersøke om det er andre aktørar som har betre løysingar.

Om du tykkjer dette blir mykje bør du vurdere å gå for Chromebooks der Google tek seg av tryggleiken. Med tida kjem Microsoft med Windows 10 S. Bokstaven S står for Security, ikkje Skrapa som onde tunger vil ha det til. All programvare som skal installerast må kome frå Microsoft-butikken.