Google – Microsoft – førebels vinnar

Google vs MicrosoftKan vere at mitt inntrykk er farga av at eg starta med og gradvis har flytta over til Google sine tenester. Når du har telefon og nettbrett med Android, blir valet å følgje Google. Chrome Google Bilder, Musikk, Docs fungerer glimrande på tvers, frå telefon til PC.

Eg har ein telefon med Windows, men det var for lite appar og manglande synkronisering med Google Chrome. Synkronisering av bokmerke kunne løysast med tredjeparts-appar, men eg synes det er tungvit å halde meg til forskjellig plattformar og forsøke å tjuvkople mellom dei. Som telefon er Windows-telefonen OK, men han er no parkert i skuffa med neste stopp gjenvinning.

Kontorstøtteverktøy (Office)

Microsoft har Microsoft Office. På PC regjerer dei. Som ung, frå skule til på veg ut i næringslivet er Microsoft Office overalt. Det er nærast umogleg å koma utom og pakken er tett integrert med andre kontorsystem. Du kjem med andre ord ikkje utanom Microsoft Office. Skulle gjerne sett det, men slik er ståa.

På PCen din er Office fullfunksjonell. I skya er Office ribba for det meste. Berre noko så enkelt som å filtrere data i Excel eller å setje inn innhaldsliste i Word er ikkje der. Som middels erfaren brukar av Google Docs må eg sei det er skuffande. Eg er van med å ta tilstrekkeleg med funksjonalitet i skya til å gjere alt og Microsoft sin Office Online er kort og godt for dårleg. Eg har faktisk kjøpt lisens på Office365, men det er ingen skilnad på den ein gratis brukar får tilgang til og den eg med lisens på programvarepakken får. Det er lika skralt og veldig skuffande.

Det er mogleg å samarbeida om dokument på begge plattformar. Eg har nytta Google Docs i samband med resultatservice på fotballturneringar og registrering av deltakarar i motbakkeløp. Felles arbeid mot dokumenta skjer silkemjukt. Eg har ikkje erfaring med samarbeid Office Online. Det ville vere mest korrekt å samanlikne den mot Google Docs, men har litt erfaring frå samarbeid i den tradisjonelt lokalt installerte versjonen.

Microsoft bygger inn samarbeid via OneDrive og OneDrive for Business i PC-pakken. Under samarbeid på dokument i PC-pakken mot Sharepoint Online har eg registrert at det er noko stakato (rykk og napp). Som tidlegare spelar av first person shooter (FPS) fekk eg same kjensla som når bildefrekvens i spelet var for låg i spelet. Det går i smårykk og du er usikker på om du greier å plassere skrivemarkøren korrekt. Årsaka er nok at det er ei heftig utveksling av data mellom skya og lokal installasjon på PC for å halde dokumunetet synkront mellom dei som redigerer. I ettertid har eg opna dokument for redigering igjen og har lagt merke til at det eit par gonger har kome nokre «slengarar» inn der eg redigerte. Det vil sei teikn/tal som eg er rimeleg 99,9% sikker på at eg ikkje skreiv. Det kan godt vere at det er andre som feilplasserte innsettingsmarkøren, som kan understøtte dette med rykk og napp nemnt tidlegare. Men når det skjer to gonger på relativt kort tid stussar eg om synkroniseringa mellom Office-pakken på PC og skya er god nok.

Mogleg det er for tidleg å dra konklusjonen, men i mi bok er det klart at skal du samarbeide om dokument må det skje i skya. Synkronisering mellom sky og x antall brukarar til deira lokalt installert programpakke er ikkje bra.

Eg meinar at Microsoft har feila. Dei kunna ha bygd inn meir funksjonalitet i skya og tilbydd 80% av funksjonaliteten til programvarepakken. I stadenfor er vi snytt med at dei tilbyr 10% av funksjonaliteten, jamvel om du betalar for Office. Som med telefonsatsinga er det for lite, for seint. Den einaste fordelen er at Microsoft Office gjennomsyrer alt frå skule til næringsliv. Dette kan/vil berge Microsoft. Hadde det vore betra funksjonalitet i nettversjonen ville det vore eit vanskelegare val:

Google Docs: 1
Microsoft Office: 0

Kalendar/E-post

Outlook blir brukt på jobb, men det er den einaste plassen han blir brukt. Heime, knytt til Google-konto, blir ikkje Outlook brukt. Google tilbyr ikkje lenger Exchange ActiveSync og då må ein kun hente og lese e-post via POP eller IMAP som er uaktuelt sidan den ikkje tilbyr synkronisering av kalendar, kontaktar eller oppgåver.

Tryggleiksmessig støttar ikkje Outlook pålogging med 2 faktorar. Ein må opprette app-passord både hjå Microsoft og Google til bruk for å logge seg på program som ikkje støttar 2 faktorar (passord og sms-kode/kode frå kodegenerator). Det er eit vilkårleg passord på 16 småbokstavar generert under kontoinnstillingane hjå Google eller Microsoft. Det let deg logge tenester utan å bruke 2 faktorar 12 113 540 timar eller ein halv million år å kome seg gjennom alle kombinasjonar. Sjølv om ein teoretisk berre treng å teste halvparten, vil 1/4 million år vere lenge nok. Uansett skulle passordet kome på avveg kan andre snike seg inn på e-postkontoen din. Det er ingen kode som kjem til deg på telefonen (SMS) eller som du må legge inn frå kodegeneratoren (Authenticator) som stoppar det.

Det var ei tid det var greit å ha planane sine på ein PC (eller ei ein syvende sans), men den tida er forbi. Som planleggar og e-postprogram er Outlook død. Dette er oppgåver som høyrer heime i skya, på tvers av alle einingar ein har.

Google Calendar: 1
Microsoft Outlook: -1

Fillagring

Google Docs har sitt eige filformat. Det tel ikkje i kvoten du har til rådvelde på GoogleDrive. Berre gamle, tradisjonelle filer frå Microsoft Office, LibreOffice og andre program tel på kvoten. I Microsoft OneDrive tel absolutt alt. Office-filer blir lagra i tradisjonelle Office-format og tek plass.

Eg synes det er enklare å dele på filer i GoogleDrive. Den gir meir funksjonalitet ved deling. Ein kan gjere tilpassingar som setje strengare avgrensingar på kva dei som får tilgang til filene kan gjere:

GD-betre-delingt

Det bør òg nemnast at same fil i GoogleDrive kan forekome i fleire katalogar/mapper. Ypperleg om du har eit dokument som skal ta vare på fleire forskjellige tema/oppgåver. Redigerer du dokumentet frå ein av stadane, er det same fila og endringane vil bli synlege uavhengig av kva slags mappe du opnar ho frå. Det har eg ikkje sett i OneDrive. Der er det ei fil kan vere i ei mappe, som det har vore sidan byrjinga.

GoogleDrive: 1
OneDrive: 0

Bilete

Microsoft tilbyr berre OneDrive og der tek alt plass og du må forhalde deg til ein tradisjonelle filstruktur med mapper og filer. Google har Bilder der bilder og filmar ikkje tek plass om bileta er maksimalt 16 megapixel store og video er maksimalt i full HD. Kronologisk flat struktur som du kan bygge album frå. Ingen filer og mapper du må forhalde deg til.

Google Bilder: 1
OneDrive: 0

Oppsummering

Microsoft heng att i «gamle dagar» der dei hadde full kontroll på PC som verktøy. Omstilling er tungt. Dei evna ikkje å sjå eller har stritta mot små mobile eingingar og skya i det lengste og no er det kanskje for seint. Milliardane pøst inn i eit forsøk på å etablere Windows Phone kunne dei like gjerne sett fyr på. Det som kan/vil berge dei er arven om dei greier å føre han over til skya på ein betre måte enn i dag.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s