Grave fram (tapt) informasjon

mpDet er alltid frustrerande når lagringsmedia feiler. Om det er ein total fysisk feil, er det ikkje så mykje å gjere. Men er det brukarfeil, som sletting og formatering eller at ein slår av utstyr medan lagringa pågår, kan ein gjere noko med det.

Denne veka fekk eg inn ein minnepinne som vart brukt under opptak av ein konsert. Uhellet var at miksepulten hadde vorte slegen av før ein hadde stoppa opptaket. Det låg referanse til ei fil i innhaldslista som ikkje kunne spelast. Referansen viste 0 bytes, med andre ord ei tom fil.

Sikre seg kopi av lagringsmediet

Det første ein må gjere er å sikre seg eit diskbilde eller eksakt kopi av lagringsmediumet. Eg lit ikkje på at Windows held fingrane vekke frå minnepinnar og harddiskar, og brukar ein linux-versjon som ligg på ein minnepinne og kan lastast og køyrast inn i minne til maskina. I motsetning til Windows må eg manuelt kople opp mediumet til filsystemet. Det må ikkje skje og linux-versjonen sikrar at det ikkje blir gjort forsøk på å reparere eller tukle med filsystemet. Frå linux køyrer eg ein enkel dd-kommando som skriv all lagringsplass på mediet til ei fil på eit anna lagringsmedium. Fila er ein eksakt kopi av minnepinnen. Mot fila eller kopiar av ho, kan eg gjere gjentekne og ulike forsøk på å finne fram att det ein saknar.

Nyttige verktøy

PhotoRec er eit gratis og svært nyttig verktøy for å finne att filer. I Windows brukte eg det til å søke gjennom kopien av minnepinnen og det grov fram gamle revyopptak, presentasjonar og bilete. Diverre fann det ikkje opptaket eg var på jakt etter. Det kan vere at miksepulten har lagra i eit format som PhotoRec ikkje kjenner att.

Eg hadde tidlegare søkt etter tilsvarande hendingar og registrerte ved eit tilfelle at ein hadde fått att ei lydfil som CHK-fil etter å køyrt chkdsk mot eit lagringsmedium. Eg brukar framleis kopifila av minnepinnen. For å lasta kopifila som ein stasjon i Windows, nytta eg OSFMount. Mot stasjonen og køyrde chkdisk e: /f. I Windows utforskar slo eg på skjulte filer samt visning av systemfiler. I katalogen FOUND.000 låg det ei fil med CHK-ending. Fila vart omdøypt med endinga WAV. Windows Media Player ville ikkje spela ho, men VLC media player greier det og den kan konvertere ho til eit gyldig filformat.

Enden på visa

Alltid kjekt å kunne hjelpa til når situasjonen kan virka håplaus for andre. Gleden smittar!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s