Minecraft-server

minecraftlogoMinecraft er populært både på nettbrett og på pc. Sonen hadde besøk av ein kamerat som ville spele Minecraft i lag på lokalnettet. Dei sleit med å finne kvarandre i spelet og det enda opp med at eg slo av brannmuren i Windows og så var alt fryd og gammen.

Problemet er at det ikkje er lurt å gjere så eg byrja å forske på moglegheiter for å køyre ein eigen Minecraft-server. Eg har ein server bygd opp av rimeleg komponentar samt diskar frå fleire berbare datamaskiner som følgje av oppgradering til SSD på dei. Maskina fungerer som ein fillogg-server for Windows 10-maskinene og har så godt som ingen ting å gjere på utanom det. Som operativsystem nyttar ho Ubuntu 14.04.

Eg søkte litt på nettet og fann ei god oppskrift her. Eg gjorde berre nokre små modifiseringar for mitt oppsett:

sudo adduser --system --no-create-home minecraft
sudo addgroup --system minecraft
sudo adduser minecraft minecraft

Eg droppa alt filrelatert sidan eg har filene til Minecraft-serveren liggande på eit delt område for alle. Deretter oppretta eg fila som gjer at eg kan starte og stoppe serveren som

sudo nano /etc/init/minecraft-server.conf

og la inn

# description "start and stop the minecraft-server"
start on runlevel [2345]
stop on runlevel [^2345]
console log
chdir STI-TIL-MAPPA-TIL-MINECRAFT
setuid minecraft
setgid minecraft
respawn
respawn limit 20 5
exec /usr/bin/java -Xmx1024M -Xms1024M -jar ./minecraft_server.jar nogui

STI-TIL-MAPPA-TIL-MINECRAFT erstattar ein med fullstendig sti til der du legg minecraft_server.jar.

sudo initctl reload-configuration
sudo start minecraft-server

Då gjenstår berre å legge til starten av Minecraft-serveren i /etc/rc.local, slik at han startar automatisk når eg startar maskina. Neste jobb er å få til ein Minecraft Pocket Edition-server slik at dei kan spele mot den med nettbretta sine. Det ser ut til at boksen min får meir å tilby enn berre lagring av backup av maskinene.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s