Vedlikehald av mine videoopptak

Ingen kodek

Ingen støtte for MPG-2 (DVD-format)

Eg har videoopptak tilbake til 1993. Mesteparten av opptaka er frå og med 1999, etter at ungane kom. I 2004 gjekk eg over til DV og kopierte analoge VHS-C-banda til DV-band. Data frå alle DV-banda er sirleg lagra på platelager og hos Jottacloud saman med filer/råmaterialet i full HD (AVCHD-format). Videokamera med full HD og lagring til minnekort tok eg i bruk ved årsskiftet 2007/2008. I tillegg har det dei siste 5 åra vorte filma litt med ulike mobiltelefonar i HD til full HD.

I perioden fram til nokre år sidan var DVD tingen. Råmaterialet vart redigert ned til korte og noko lengre videoklipp i MPG-2 organisert kronologisk. Besteforeldre og eigen famile har hatt stor glede av å plukke fram DVD-platene og sjå tilbake på oppveksten til ungane. Sjølv ungane synes det er storveges å sjå seg att frå spedbarn til småbarnstadiet.

Overgangen til Windows 10 gir ei ny utfordring. Som de ser av bilete over kan ikkje Windows 10 spele filer i DVD-format. MPG-2 er ein dekodar som det vert avkrevd lisens på og det er vorte gjort val med å ikkje ta han med lenger. Det fins naturlegvis gratis alternativ, men eg tek det som eit teikn på at ein bør vurdere alternativ arkivering. Eg vil ta vare på mine videoklipp så lenge som mogleg.

DVD og fysiske media går mot slutten av sin era. Eg har orientert meg mot skya. Alt videomaterialet blir regenerert i beste kvalitet og arkivert i Google Bilder. Det er ikkje noko problem å laste opp gamal MPG-2-video der, men det blir ikkje den store kvaliteten så eg har starta ein omfattande jobb. Alle videoklipp skal regenerast i beste kvalitet og lagrast på Google Bilder. Så lenge videoane er i Full HD eller lågare tel dei ikkje på kvoten din så inntil vidare har eg gratis lagring med visning i nettlesaren.

Videoklipp basert på materiale i full HD AVCHD-format blir arkivert i full HD AVCHD-format. Video basert på DV blir arkivert i DV-format. Video basert på VHS-C skal eg vurdere når eg kjem tilbake til den tida. Eg har nitidig jobba meg tilbake til 2005 så eg må snart ta stilling til om det blir noko kvalitetsheving å arkivere det i DV-format sidan VHS-C var eit analogt format av dårlegare kvalitet.

Sjølv om det tek tid oppleves det positivt at eg har halde meg til ein programfamlie for videoredigering heile tida, Pinnacle Studio i ulike versjonar. Eg har enno til gode å oppleve problem med regenerering av videoklippa. Kryssar fingrane for at eg i løpet av våren skal kome ajour og heilt tilbake til 1993.

Advertisements

One thought on “Vedlikehald av mine videoopptak

  1. Arild Bjørk Post author

    Har stussa litt over kvifor nokre av videoane får tittelen eg har lagt på, medan andre ikkje får han når eg opnar Pinnacle Studio 9-prosjekta med Pinnacle Studio 15. Tilfeldigvis har eg funne løysinga: Mellom kvar opning av eit Pinnacle Studio 9-prosjekt, må eg avslutte Pinnacle Studio 15. Opnar eg neste Pinnacle Studio 9-prosjekt, utan å avslutta Pinnacle Studio 15, kjem ikkje tittelen eg har lagt inn med.

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s