Tur: Nyastølen inn Eitrebotn til Kjeringafjell

Eitrebotn-Kjeringafjell-000Kjeringafjell kan nåast frå både Henjadalen og Kleppa. Frå vest når du Kjeringafjell frå Huksdalen. Stølen Nyastølen ligg rett under vestlia til Kjeringafjell. Eg har sett opp lia og for meg ser det ut til å vere den kortaste, og brattaste vegen opp. Vil du heller fordele stigninga over eit lenger stykke, vil det være naturleg å gå inn Eitrebotn.

På Nyastølen går du gjennom tunet og følgjer stiar/dyretrakk inn Eitrebotn. Nordom deg vil du ha Kaldekletten på 1360 moh og sørom Kjeringafjell på 1314 moh. Stiane/dyretrakka blir svakare og spredd innover botnen. Når du er innkomen, skal du gå opp på bandet mellom Eitrebotnen og Friksdalen. Når du ser ned i Friksdalen, snur du deg i sør-vestleg retning og går opp Kjeringafjell. Hovudelen av stigninga på turen tek du får inst i Eitrebotnet og opp Kjeringafjell.

Eit tips til rundtur er å køyre vegen i Huksdalen, fram til der tømmerbilane snudde, og parkere. Du følgjer vegen til endes til fots, går opp til Nyastølen, inn Eitrebotn og opp på Kjeringafjell. Returen går du i retning Discohola eller Fagreggi, ned til Dalsete og deretter ned til vegen i Huksdalen og tilbake til der du parkerte bilen.

Turen til Kjeringafjell er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Nyastølen
  3. Nyastølen til Kjeringafjell. Bilete av denne delen av turen reknar eg med å få teke i 2015.
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s