Google styrkar ikkje tilliten til amerikansk nettlagring

Eg har forsøkt etter beste emne å forsøke å organisere bilete på Google+ Bilder, men i veka 4 – 8 . august gav eg opp. Google+ Bilder støttar ikkje korleis eg ønskte å organisere bileta mine på. Eg sletta alle bileta og tømte papirkorgi på Google+ Bilder. Ingen bilete er lenger tilgjengeleg for meg der.  Totalt hadde eg lagra 1,07 GB med bilete. I dag, 24.08 eller snart 3 veker etter, viser kvota på Google Drive at eg framleis brukar 1,07 GB på Google+ Bilder:

20140824 Gphotos tek framles plass

Problemet har eg lagt merke til tidlegare. Etter mitt første forsøk på å prøve å bruke Google+ Bilder som lagring eit år eller to tilbake, la eg merke til at sjølv om eg sletta alle bileta, fekk eg aldri frigitt 0,25 GB lagringsplass.

For å sjå om dette er vanlig oppførsel i nettlagring, har eg testa å laste opp bilder til OneDrive, slette dei og tømme papirkorga. På OneDrive vert lagringskvoten umiddelbart justert.

Eg har meldt problemet inn på Google sine forum:

Picasa: https://productforums.google.com/forum/?utm_medium=email&utm_source=footer#!msg/picasa/bxY6cTxTWGE/f5Ew6vJ6HTQJ

Drivehttps://productforums.google.com/forum/#!msg/drive/vQ5UpKg_xcc/J-fj6wgKmn8J

I tillegg er det meldt via tilbakemeldingar i Google+ til Google, men eg har ikkje høyrt noko derifrå.

Eg ser i foruma at andre har det same problemet. Det kan vere eit problem eller lus i kvotekalkuleringa som gjer at kvoten ikkje blir nulla ut. Når ein ser det i lys av Edvard Snowden sine avsløringar, aukar ikkje min tillit til amerikanske nettlagringstenester.

Tilliten er pulverisert og ligg på eit tilnærma nullnivå. Uansett kor gode erklæringar og vilkår er skrivne på slike tenester, tek eg lærdom av historia. Ho har vist at amerikanarane gjer som dei vil.  Eg har teke konsekvensen av min mistillit og brukar berre ei sikker, ikkje-amerikansk teneste for å sikre mine viktigaste filer. Eg har òg så smått byrja å tenkje på å kutte ut e-post på amerikanske tenester.

I tillegg har spørsmålet om Windows 8, der ein loggar seg på ein Outlook/Live-konto byrja å ulme. Windows 8 og for den del ChromeOS er knytt til tenester styrt av amerikanarar. Er det på tide å melde overgang til open kjeldekode og ein linux-variant?

Kva med Android, Windows Phone og iOS-baserte telefonar og nettbrett som er kopla mot amerikanske tenester?

Advertisements

2 thoughts on “Google styrkar ikkje tilliten til amerikansk nettlagring

  1. Arild Bjørk Innleggsforfatter

    I kveld oppdaga eg ein vesentleg endring på kvoten min. No står Google+ Photos til 0 GB.

    Eg måtte gå nokre rundar med brukarstøtte på Google Drive. Først meinte dei det ikkje var deira problem, så litt overtaling og dei titta på det. Enda opp til slutt om at dei bad meg melde det til Google+ Photos, men det hadde eg prøvde utan å høyre noko.

    Eg skreiv ei sterk oppmoding og argumentering om at dette gjekk inn under det totale lagringssystemet til Google. Med dette fekk eg brukarstøtte til Google Drive å eskalere det til rette personar. Det gjorde susen, men det er framleis eit ope spørsmål om amerikansk nettlagring er tilliten verdig.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s