Tur: Bergsete opp Kvannskar

bergseteDet som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete. Det er fleire måtar å kome seg dit på:

  1. Ein er å gå Njøsadalen til Fadnastølen og opp til fremsta Havravatnet opp mot Moldbakken.
  2. Ein anna måte er å gå opp frå Njøs, via Bjørgahaug eller traktorvegen og framover i retning Mjellhaugane.
  3. Ein kortare tur, men brattare enn den første, er gå opp Kvannskar til Bergsete.

Utgangpunktet for turen er Kvålen og du må først koma deg til Fadnastølen. Her kryssar du bekken og går opp på austsida på stien som går opp til platået Havravatni ligg på. Etter å ha kome deg opp den bratte lia til platået, vil du når stien er som nærast bekken eller elva som renn utfor platået, sjå eit tre merka med raud B->. Stien eller dyretrakket er merka. Legg merke til treet på den andre sida av elva som mer merka med raudt. Bak det skal du opp på ein kant som du følgjer nokre 10-tals meter sørover før du igjen skal stige opp på ein ny kant og følgje sørover.

Om litt kjem du til nokre grantre merka med raudt. Stien langs desse og etter siste treet byrjar den skikkelege stigninga i Kvannskar. Du får meir enn nok høve til å studere vegetasjonen på veg opp. I den graskledde lia med spredt skog kan ein la tankane gå tilbake til gamle dagar. Her var det slåtteteigar. Landskapet såg annleis ut. I tillegg skal du ha i tankane at då dei prøvde å etablere Bergsete som støl, måtte dei bere materialen opp Kvannaskard. På andre sida av Vetlagjerde, like under skogen, står det ei gamal hytte/sæl. Noko av materialen i den stammar frå Bergsete og er bore ned att Kvannaskard, då ein fann ut at det ikkje vart nokon støl på Bergsete.

Stien snirklar seg opp lia. Han er langt tydelagare enn mange andre stiar i bygda, sidan sauene nyttar han flittig. Når du nærmar deg toppen og myra, vil du først passere eit par plassar med einer. Deretter skal du legge merke til at det står to rognetre som ein slags port, ikkje så langt frå stien, der du kjem opp på myra i Kvannskar. Dei skil seg tydeleg frå vegetasjonen elles og er viktige siktepunkt når du skal ned att. Når du ser dei ovanfrå, veit du kor stien startar. Du følgjer kanten av myra gjennom skogen. Det er rydda sti og til slutt vil du måtte kryssa øvre delen av myra og tek deg opp austsida. Derifrå går du bort på ein rygg som du følgjer aust/nordaust til du svingar i austleg retning mot Bergsete. Langs denne ryggen går det eit tydeleg dyretrakk. Diverre er sauene noko mindre enn  oss, så du må nok gå langs trakket, på utsida av vegetasjonen. På turen ser du steinmurar på Bergsete og når trakket endar i ei tørrare myrområde, veit du at du svingar aust/søraustover i retning Bergsete. Nett før du kjem fram til Bergsete, kjem du inn på stien frå Moldbakken.

Turen er splitta i fleire deler:

  1. Kvålen (Dalen) til Fadnastølen
  2. Fadnastølen til opp til platået Havravatna ligg på. Mellom bilete 29 og 30 er stien som nærast bekken/elva. Snur du deg litt til høgre vil du legge merke til eit tre merka med B->. På motsett side av bekken/elva ser du ei bjørk.
  3. Opp Kvannskar til Bergsete

 

Advertisements

2 thoughts on “Tur: Bergsete opp Kvannskar

  1. Tilbaketråkk: Tur: Njøs til Bergsete via Hangsete | Arild Bjørk

  2. Tilbaketråkk: Tur: Njøs til Bergsete via Hangsete | Arild Bjørk

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s