Innleiande erfaringar med Windows 8 – korkje fugl eller fisk

win8startEg installerte Windows 8 reint. Alle partisjonar vart sletta og Windows 8 vart installert. Soleis fekk eg standard installasjon med fliser som ver, nyhende, e-post osv. Unnskyld meg, men kven var det som avgjorde at ein skal lese e-post eller for den del andre ting i fullskjerm PÅ EIN PC?! Ofte er det slik at eg har e-posten opne og sjekkar på internett eller skriv noko.

Eit anna eksempel er Leser. Etter litt tid oppdaga eg at Leser plukkar opp PDF og lastar fila i fullskjerm. Som Mail vart Leser avinstallert. Eg har heller ikkje bruk for Nyheter eller Ver.  Nyhende finn eg på mange ulike plassar og er det noko interresant, vil eg ha moglegheit til å starte eit anna program og ha både nyhende og programmet opent ved sida av kvarandre.  Ver er enkelt tilgjengeleg på www.yr.no eller www.storm.no. Eg treng ikkje fullskjerm-appar for dette PÅ EIN PC.

Som lang tids brukar www.irfanview.net til å vise bilete, er Windows 8 irriterande. Windows 8 aksepterer eg i instillingane i IrfanView på det skal ta alle typar bilete. Første gong eg klikkar på ein type bilete, så skal Windows 8 på likevel spørje meg om kva for program eg skal bruke. Eg har ikkje testa med VLC enno, men eg ser for meg at den same utfordringa kan oppstå her òg.

Så har vi det nye på venstre og høgre side av skjermen. Har du oppe ein eller to appar vil du merka det. Når du jobbar med eit tradisjonelt Windows-program vil det, når du kjem litt for nær øvre venstre del av skjermen, kome opp liste over opne program.  Brått kan du kome til å skifte til ein open app ufrivillig. Totalt unødvendig og irriterande når du berre vil ha tilgang til øvre, venstre del av eit maksimert vindauga til eit ordinært program. Det same skjer i øvre høgre del av skjermen. Skal du avslutte eit program så kan ikona glidande inn frå høgre sida og hindre deg å lukke det med meir.

Start-menyen er borte, eit gjenkjennande element sidan Windows 95. 17 år og bort med han. Du endar opp med fliser, sjå bilete, på Start-skjermen. Eg gjer dykk merksam på at eg har fjerna appar som eg ser inga nytte av. Eg er skeptisk til levande fliser, synes dei unødigt fangar merksemda mi. Det er forholdsvis enkelt å kome til Start-skjermen ved å trykke Windows-tasten,  men kor er den velkjende organisering i undergrupper for kvart program? Jau, då må du høgreklikke og velje Alle Apper og bla deg mot høgre i flisgrupperinga. Det blir noko meir tungvint. Eg har heller ikkje funne att i Windows 8 det at Windows 7 legg opp ofte brukt programvare raskt tilgjengeleg i Start-menyen .

For meg virkar det som om Microsoft har prøvd å gjere alle til lags med Windows 8 og enda opp med ein hybrid som korkje er fugl eller fisk. Eit febrilsk forsøk på å prøve å kome seg inn på nettbrettmarknaden ved å introdusere dr Jekyll og mr Hyde. Ein del er (kanskje) optimalt for nettbrett, medan bak ligg restande frå ei lang Windows-arv. Noko er frustrerande nytt, medan ein del er velkjent og utprøvd. Oppfatninga om at Windows 8 er eit operativsystem som ikkje er optimalt for pcar er ikkje svekka.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s