Kabel eller mobilt breiband

stolpefallNatt til fredag 2. november 2012 greidde eit høgt køyretøy å rive ned telelina. Det same skjedde ca 1 år tidlegare. Ein lastebil med traktor på planet, utan senka frontlessar, reiv med seg luftspennet. Det har i tillegg kome meg for øyra at det har vore ein episode i mellomtida. Lina vart hekta, men bilen stoppa, lina holdt og stolpen vart retta opp. Med andre ord tre episodar på eitt år. Saman med det faktum at huset er langt unna sentralen, som gir maks 3 Mb, får det meg til å lure på om mobilt breiband kan vere løysinga.

Fordelar med mobilt breiband:

  • lastebilar riv ikkje ned lina,
  • høgare hastigheit enn ADSL.

Ulemper med mobilt breiband:

  • KVOTE,
  • KVOTE,
  • KVOTE…..

Her eg bur er det berre Telenor som kan levere mobilt breiband, men dei tilbyr abonnement med maksimum 30 GB kvote. Hadde Netcom vore eit alternativ, kunne eg teikna eit abonnement med kvote på 100 GB. Låge kvotar kan by på vesentlege problem:

  1. Fleire komponentar er tilknytte nettet som tv, telefonar, nettbrett og pcar og alle desse hentar data eller blir oppdaterte via nettverket. Til tider kan det vere snakka om store oppdateringar. Det tek av kvoten, men er nok ikkje det mest vesentlege.
  2. Surfing på nettsider med nyhende, bank og småspel osv er heller ikkje det store problemet heller.
  3. Synkroniseringstenester som Google Drive, SkyDrive osv dreg litt av kvoten.
  4. Sal av spel frå t.d. Steam eller Origin kan ete ein god del av kvoten med opptil fleire GB å laste ned, gjerne på fleire maskiner.
  5. Strømming av musikk frå Beat, Wimp osv er ei av dei store utfordringane for kvoteavgrensa tilbod.
  6. Den største utfordringa er nok film, serie og tv-tilbod som breiar om seg på nettet.

Det verste eg veit er tv-kanalar fulle av reklame. Eg har aldri likt å sjå film eller program fulle av reklamepausar og vil ta konsekvensen av det. Ordinært tv-tilbod planlegg eg å redusere kraftig på vårparten.

I sommar starta eg å leige filmar over nettet og testar no ut tenester som Netflix.  Når eg har skikkeleg tv, vil eg ikkje bli avspist med VHS-kvalitet. Eg vel HD-kvalitet, om det er tilgjengleg. No kan ikkje det samanliknast med BluRay-plater, men det er godt nok. Ein HD-film frå tenester som CDon og iTunes ligg i dag på 3 og 4 GB. Omrekna held ei kvote på 30 GB til ca 7 filmar i månaden. Strør ein på med litt Netflix innimellom er brått 30 GB borte.

Når eg tenkjer over vår bruk av nettet i løpet av ein månad, trur eg at 30 GB er nok. Hektar ein høg bil lina i løpet av kort tid, er kanskje saka så godt som avgjort.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s