Erfaringar med oppdatering av pc til SSD

Eg har i nokre månadar vurdert å gå for ei raskare lagringsløysing på min berbare hovudpc. Pcen er nesten 2 år og kraftig så det held, men som vanleg er standard platelager for tregt. Det har stått mellom ein hybriddisk a la Seagate Momentus XT eller ein SSD. Fordelen med førstnemnde er at ein får langt meir lagringsplass og til ein rimelegare penge enn med ein SSD. Ulempa er at  for filer som ikkje er i SSD-mellomlageret til hybriddisken går overføringa like tregt som frå eit tradisjonelt platelager av den raskaste sorten. Utallige testar og brukarerfaringar har vorte lest.

For eit par veker sidan hadde Komplett eit godt tilbod på Intel 330 180GB stor SSD. I motsetning til enkelt produsentar har eg eit inntrykk av at Intel har eit godt rykte og leverer gode produkt. Eg hadde sett for meg minimum 240 GB, men prisen var så låg at eg tenkte det kunne vere eit greit utgangspunkt for i det minste å prøve SSD.

Når eg pakka opp, var dette ein versjon for stasjonere pcar. Det følgde med ei ramme, kablar og skruer for å montere eit platelagar til ein berbare i ein stasjoner pc. Eg kan, om eg ønskjer, bruke det gamle platelageret til den berbare som lager i ei stasjoner maskin.

Frå Intel sine sider lasta eg ned programvare for å klone over Windows 7-installasjonen. Diverre er dette ein avgrensa versjon, må du slette data frå platelageret for å kome under kapasiteten. Du kan naturlegvis betale for fullversjonen, men sidan eg brukar Parted Magic og Clonezilla, tenkte eg at det kunne vere like greitt å teste ut om det ville gå greit å gjenopprette eit gamalt systembilete.

I vår hadde eg gjort klart eit systembilete i Clonezilla slik at eg kunne få lagt det inn på ein SSD med kapasitet på 120 GB. Trikset er å slette nok data. For å kunne greie å krympe systempartisjonen på platelageret er det viktig at du slår av vekslefila samt slår av dvalemodus i Windows 7. På ei maskin med 4 GB internminne vil du spare ca 8 GB. Dette er i tillegg til systemfiler som ikkje blir flytta av defragmenteringsprogram. Deretter brukte eg MyDefrag for å flytte program og data fram til starten av platelageret. Maskina vart starta på nytt med Parted Magic og eg brukte Gparted for å redusere Windows-partisjonen til under 120 GB. Til slutt vart Clonezilla nytta til å ta kopi av systemet til ekstern disk.

Dei første forsøka på å gjenopprette systembilete var ikkje vellukka. Sjølv om partisjonane var langt under 180GB, gav Clonezilla beskjed om at disken måtte vere minimum 640 GB. Det var irriterande, men eg sette meg ned og undersøkte om det var filer i  systembilete som Clonezilla lagar som inneheld informasjon om storleiken på disken. Eg fann det i sda-pt.parted:

Model: ATA SAMSUNG HM641JI (scsi)
Disk /dev/sda: 1250263728s
Sector size (logical/physical): 512B/512B
Partition Table: msdos

Number Start End Size Type File system Flags
 1 2048s 409599s 407552s primary ntfs boot
 2 409600s 201904127s 201494528s primary ntfs

På siste lina ser du at siste partisjon endar på 201494528s (s=sektor). Storleiken du skriv inn bak bak Disk /dev/sda må vere lik eller større enn dette talet. Eg berre endra storleiken bak Disk /dev/sda frå 1250263728s til 250263728s. Deretter var det berre å gjenopprette systembilete for så å justere partisjonsstorleiken i diskbehandlingen i Windows 7, slik at Windows-partisjonen bruker all ledig plass. Ved hjelp av Intel SSD Toolbox fekk eg tips til å justere Windows 7 optimalt ved mellom anna å slå av defragmentering, som ikkje trengs på SSD, og superfetch.

Skilnaden mellom SSD og det gamle platelageret er som natt og dag. Der eg før venta og venta på at Windows skulle starte eller applikasjonar skulle starte og filer skulle opnast eller lagrast, skjer det no med nesten umiddelbart og oppstarten av Windows er lynrask. Ein ting er sikkert: Eg går ikkje tilbake til tradisjonelt platelager!

Advertisements

2 thoughts on “Erfaringar med oppdatering av pc til SSD

  1. Tilbaketråkk: Symbolske lenker er gull verd med ssd « Arild Bjørk

  2. Tilbaketråkk: OCZ Octane S2 | Arild Bjørk

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s