Crashplan – Online backup med det vesle ekstra

Ein veit ikkje kva ein har før ein har mista det. Dagens elektroniske løysingar set større krav til deg som brukar å sikre dine data. Eg har tidlegare omtala tenester som Ubuntu One og Jotta. I den siste tida har eg testa ut Crashplan. I motsetning til dei to førstnemnde så tilbyr ikkje Crashplan gratis lagringsplass, men har andre tenester som eg meiner er betre:

  1. Uavhengig av om du bruker den gratis versjonen eller betalar har moglegheiten å setje opp Crashplan til å ta backup til ei eller fleire av dine maskiner.
  2. Både brann, tjueri eller spenningsvariasjonar heime kan ha uheldige konsekvensar. Med Crashplan kan du ta backup til veners maskiner over internett.
  3. Data kan lagrast på server i sterkt kryptert form i motsetning til Ubuntu One og Jotta. Dette sikrar deg mot innsyn frå uvedkomande.
  4. Crashplan tilbyr programvare for både Windows, Mac OS X, Linux og Solaris. Mange tilbyr berre Windows og Mac OS X.

I min test har eg sett opp ei gamal maskin som køyrer Xubuntu 12.04 og Linux-klienten. Ho fungerer som ein backup-tenar. Windows-maskiner tek backup kvar 24 time til backup-tenaren. Opplegget ser ut til å fungere upåklageleg. Ved å bruke andre kryteringsnøklar på maskiner backup går frå, kan eg ikkje sjå på backup-serveren kva som ligg frå desse. Opnar eg klienten på maskina som det vert teke bakcup frå, har eg full oversikt over filer frå maskina som ligg på backup-tenaren.

Den einaste «ulempa» med å bruke den gratis varianten er litt reklame. Eg legg ved tre bilete frå backup-tenaren som viser litt av løysingen.

Advertisements

4 thoughts on “Crashplan – Online backup med det vesle ekstra

  1. Tilbakeping: Tryggleiken til tenester i skya « Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: EncFS sikrar dine filer på nettet « Arild Bjørk

  3. Tilbakeping: Tåkelegg skya for godt | Arild Bjørk

  4. Tilbakeping: Ver merksam på CrashPlan og Google Drive | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s