Tur: Traktorvegen mot Hangsete

I staden for å gå den tradisjonelle stien Kidlestigen, kan du fylgje ein traktorvegen oppover mot grinda som står mellom Ste og Kyrkja, eit kort stykke før Hangsete.

Når du står ved transformatorstasjonen på Njøs, skal du snu nasen i nord-austleg retning og sjå opp mot fjellet. Legg merke til den vesle fossen som renn ned fjellsida, frå toppen. Han heiter Kyrafossen og i løpet av turen skal du gjentekne gonger krysse vatnet frå han før du passerer like under han.

Traktorvegen startar med bra stigning, men allereie etter første passering av vatnet frå Kyrfossen blir det brattare. Etter at vegen svingar tilbake og går i sørleg retning, mot foten av Bjørgahaug, og over elva att, kjem den brattaste stigninga. Du kan skimte ho like over tretoppane på Njøs.

Den kraftige stigninga held fram heilt til du er godt opp i gjelet med ein granskog. Inne i  skogen kan du finne ein sti som tek deg tilbake til Bjørgahaug, om du vil ha ein kortare rundtur. Etter mine erfaringar er stien vanskeleg å finne frå denne retninga. Første gongen kan det vere lurast å finne stien frå Bjørgahaug. Starten er merka nett etter Bjørgahaug, på stien til Hangsete.

Utsikta frå stigninga er god, men ta deg gjerne ein liten sidetur, til dømes ut på ryggen som fører opp mot Kyrafossen, for å få ei betre utsikt ned mot Hermansverk og oppover ytre del av Henjadalen mot Kleppa med områda over.

Eit stykke før du kjem under Kyrafossen er det ein sti som vil kunne ta deg opp på fjellet. For eit par år sidan prøvde eg å finne han, men eg fekk problem å finne kor han gjekk når eg kom eit stykke oppi. Her var det så bratt og luftig at eg ikkje var moa på å prøve meg fram. Ein kjentmann/-kvinne er med andre ord stikkordet her for den som vil prøve seg på turen for å gå til Bergsete eller Mjellhaugane og ned att Moldbakken til Havrane.

Den verste stigninga er unnagjort når du passerer under Kyrafossen. Vegen går i nokre slynger til oppover. Utsikta er på sitt beste ut fjorden. Ta deg gjerne ein pause på eit svaberg eller ein knaus her.

Vegen endar opp ved grinda, som står mellom Kyrkja og Ste. Det er så kort att til Hangsete at du like godt kan gå fram dit for å returnere til Bjørgahaug og ned att på Njøs via Kidlestigen. Sommaren 2012 fekk vegen eit finare dekke. Du slepp mellom anna å gå på den grove skotsteinen i mine bilete frå våren 2012.

Advertisements

2 thoughts on “Tur: Traktorvegen mot Hangsete

  1. Tilbakeping: Tur: Njøs til Bergsete via Hangsete | Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: Tur: Luftig sti opp og over Kyrafossen | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s