Bilete integrert i MP3-fil kan vere ei utfordring for eldre MP3-spelarar

Creative Zen NX 30GBSom mange har eg fleire mediespelarar inkludert mobiltelefonen. På kontoret har eg liggande ein Creative Zen NX på 30GB som snart kan feire 10 års dag. Spelaren har tent meg lenge og vel. Ulempa er at han ikkje er støtta i anna enn Windows XP, men når det er slutt så har eg registrert at han er støtte i Linux. Eg trur enno eg skal greie å få ein 4-5 år til utav spelaren. I motsetning til dagens spelarar, kan batteriet skiftast til den nette sum av berre kr 150.

Før helga kjøpte eg eit par plater i MP3-format frå Platekompaniet. Spora vart lagt over på telefonen og alt fungerte. Eg overførte dei til Creative Zen NX, men vart overraska over at eg fekk melding om avspelingsfeil på alle spora. Eg forsøkte alt mogleg frå å nedkovenvertere dei til standard 128kbps MP3, konvertere dei til WMA før overføring, overføre dei med 2 ulike program samt via utforskar. Ingen av forsøka førte fram. Creative Zen NX melde om avspelingsfeil på spora.

Så byrja eg å studere filene og MP3-taggane som inneheld informasjon om artist, sangtittel osv. Eg la merke til at kvart spor hadde cover-bilete til plata inkorporert. For ei plate utgjorde bilete ca 170 kB pr spor. Creative Zen NX har ikkje display for å vise cover så eg tenkte det var verd forsøket å fjerne grafikken frå spora. Kunne det ha seg at spelaren ikkje greidde å takle taggen som bilete låg i? Eg overførte spora utan bilete til Creative Zen NX og no fungerte alt som det skulle.

Lærdom: Har du ein gamal MP3-spelar som nektar å spela nynnkjøpte spor, fjern cover-bilete som er innbakt i fila.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s