Positiv overgang til Xubuntu 12.04

Neste versjon med lang tids støtte (5 år) nærmar seg, men eg har valt å installere beta-versjonen ca 14 dagar før endeleg versjon vert slept. Eg prøvde meg på ei oppgradering frå versjon 10.04 LTS, men syntes at den var lite velluka. Det blir alltid litt «gamalt» rusk hengande att, så eg kopierte heller ut heimeområdet og la ein frisk versjon av Xubuntu 12.04 LTS.

Testsystemet mitt er ikkje det store å skryte av. Det er ein HP stasjonær, vel 5 år gamal, med AMD 3500+ prosessor, hovudkort med Geforce 6200 integrert, 1 GB minne fordelt med 128 MB på skjermkort og resten til systemet. Som hard disk har eg plukka fram ein 5 år gamal 2,5″ disk på 200GB. Denne er frå tida dei sprengde den viktige 200GB-grensa for diskar til berbare maskiner. Disken er ikkje rask, berre 4200 rpm kontra dagens på 5400 eller 7200 rpm. Mao systemet avslører fort om ting blir tungrodd. Xubuntu 10.04 passa bra, men kunne Xubuntu 12.04 vere betre?

Nyinstallasjonen av Xubuntu 12.04 gjekk utan problem og oppdateringar er henta ned. For å få systemet slik eg vil ha det har eg gjort nokre justeringar:

1. /tmp-område i minne

Som nemnt tidlegare er disken eg brukar treg. Xubuntu treng ikkje store ressursane og det er like greitt å legge midlertidige filer frå programma i minne. Løysinga på dette er å redigere /etc/fstab og legge inn på slutten:

tmpfs /tmp tmpfs defaults,noatime,mode=1777 0 0
tmpfs /var/tmp tmpfs defaults,noatime,mode=1777 0 0

I tillegg har eg for mine nettlesarar som Opera, Firefox og Chromium sletta cache-katalogane og heller lagt inn ein peikar til /tmp slik at hurtiglageret for sider eg har surfa innom ligg der.

2. Xubuntu begrensede tillegg

Via Ubuntu programvaresenter er «Xubuntu begrensede tillegg» det første ein skal hente ned. Dette installerer ein del tillegg som Flash, mediadekodarar, fonts osv som er nødvendige for å kunne dra nytte av nettsider og media som du lastar ned.

3. Totem-mozilla

I Ubuntu programvaresenter kan du søke fram totem og sjekke om Movie Player er installert. Sjekk via knappen «Mer informasjon» om totem-mozilla er merka og installert samt at totem-plugins og Gstreamer-tillegga er på plass. Sørg for at det blir installert slik at du kan sjå på NRK nett-tv.

4. LibreOffice

Ei fullverdig kontorpakke hentar du frå Ubuntu programvaresenter. AbiWord og Gnumeric er små og lette og fungere nok like greitt, men er ein eit vanedyr, så er ein eit vanedyr.

5. Anna programvare

Via Ubuntu programvaresenter fekk eg på plass ekstra program som KeepassX, luckyBackup og Ubuntu One.

6. Maks fart på det grafiske grensesnittet og redusere minnebruken

Som standard kjem Xubuntu 12.04 med grafiske effektar slegne på. Eg treng ikkje skuggar under vindauger osv. Via start-menyen, Innstillinger, Vindusbehandler Tweaks og fana Kompositt slo eg av effektar.

7. Justert panel i Xubuntu.

Eg held meg til eitt panel (oppgaveline i Windows) og har fjerna det som låg nederst på skjermen. Deretter justerte eg panelet på toppen med noko så enkelt som å få på plass nokre programstartar (snarvegar) og flytte lina ned.

Korleis er Ubuntu 12.04 kontra 10.04?
Det første eg la merke til er at det meste fungerte «ut av boksen». Eg treng ikkje installere tilleggspakkar  og justere for å få kontakt med nettverksdisk. Programvaresenteret fungerer svært bra til å få på plass nødvendig programvare og er enklare å bruke gamle Synaptic programpakkebethandler. Sjølve systemet, når eg var innlogga, virkar faktisk meir responsivt enn Xubuntu 10.04. No er det ikkje dette vitskapleg målt, men eg har ei klar kjensle av at Xubuntu 12.04 er kvikkare i bruk.

Den einaste ulempa eg har merka meg er at oppstarttida (boot-tiden) er lengre. Maskin står på 24/7 så det er heller sjeldan eg merkar desse få sekundane.

Konklusjonen Xubuntu 12.04 LTS i betaversjon er svært lovande!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s