Ver merksam på online backuptenester

Eg har starta å sjå litt på tenester som tilbyr backup over nettet og har avskrive to.

Ubuntu One
Sidan eg har testa ymse versjonar av Ubuntu, sjekka eg ut Ubunu One. Dei er rimeleg opne og tydelege på at overføringa dit er sikra, men at lagringa ikkje skjer sikra/kryptert fordi du skal ha moglegheita til å dele filer med andre. Med andre ord har systemadministratorar eller brukarar med høge nok administrative tilgangar hjå Ubunu One moglegheit til å lese filene dine. I verste fall kan informasjonen lagra i dei bli utnytta. Det synes eg ikkje noko om.

Jotta
Jotta er ei norsk teneste som breier om seg, òg under andre merkenamn som PCWorld osv. Eg oppretta ein konto og testa klienten. Programvara er enkel å setje opp, men så la eg merke til at ein kunne dele filer med andre. Det betyr at Jotta enten må lagre dine data på sine serverar ukryptert/opne. Dersom data blir lagra kryptert er nøkkelen for å dekryptere, for deling, tilgjengeleg hos Jotta. Då sit ein att med same risiko som hos Ubunu One. Det synes eg ikkje noko om.

Det eg synes mindre om at Jotta ikkje er opne om det. I ofte stilte spørsmål unngår dei å svare på spørsmålet. Dei seier at overføringa er sikra, men så tek dei ein kjapp ein og berre svarar på om Jotta tilsette overvakar filene. Er data lagra ukryptert eller nøkkel for dekryptering tilgjengeleg hjå Jotta, kan tilsette hjå Jotta lese filene og i verste fall utnytte informasjonen i dei. Slike moglegheiter skal, ikkje må, men SKAL IKKJE vere til stade.

Slutning
Korkje Ubuntu One eller Jotta kan eg på noverande tidspunkt tilrå for dine tryggleikskopiar. Systemeigar har tilgang til dine data.

Advertisements

5 thoughts on “Ver merksam på online backuptenester

  1. Tilbaketråkk: Crashplan – Online backup med det vesle ekstra « Arild Bjørk

  2. Tilbaketråkk: Tryggleiken til tenester i skya « Arild Bjørk

  3. Arne

    Jotta fungerer ekstremt bra, men problemet er som du sier at de har krypteringsnøkkelen. Helt latterlig. Jeg gikk derfor for Crashplan.

    Svar
  4. Tilbaketråkk: EncFS sikrar dine filer på nettet « Arild Bjørk

  5. Tilbaketråkk: Tåkelegg skya for godt | Arild Bjørk

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s