Apple har gode løysingar – iPod nano

Over dei siste åra har eg hatt forskjellige mp3-spelarar. Det starta med ein liten Creative Muvo på 128 MB til eg fekk tak i ein Creative Zen NX med 30 GB hard disk. Han har vore med meg på mang ein tur, men sidan han har ein tradisjonell 2,5″ disk for berbare datamaskiner er han av det tyngre slaget og meir ømfintleg for rørsle. Spelaran fungerer den dag i dag og er fylt til randen med musikk som eg høyrer på kontoret. På turar har eg dei siste åra heller brukt ein Sandisk Sansa e260. Dette er ein liten spelar med plass til microSD-kort som er mykje greiare å ta i lomma eller i handa.

I forrige veke fekk eg ein Apple iPod Nano 8 GB. Dimensjonane er små, langt mindre enn Sandisk Sansa e260. No er ikkje touchskjermen eller dei knøttsmå dimensjonane det største. For meg er det den lette vekta saman med ei solid klype på baksida det geniale. Ved å kunne feste spelaren solid til eit plagg, t.d. i kragen på treningskleda, heng spelaren fast og ikkje slenger rundt i ei lomme. Lydkvaliteten synes svært god. Apple iPod Nano i dagens utgåve er ein genistrek.

Eg har hittil valt å lagre musikken min i FLAC og brukar Mediamonkey. iTunes støttar ikkje FLAC. Det går greitt å synkronisere Apple iPod Nano med Mediamonkey. Det einaste eg må passe på er å starte opp iTunes i etterkant slik at musikken og spelelistene blir korrekt registrert i spelaren. Etter det er det berre å ta nanoen med på tur.

I forhold til krumspringa eg må gjere med Sandisk Sansa e260 eller Nokia N8 er det å starte opp iTunes og lukke det like etter ingen ting. Creative Zen NX er d er så gamal at han berre er støtta i Windows XP eller Linux. Windows Vista eller Window 7 er berre å gløyme.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s