Tur: Stavsete

Stavsete er den innerste stølen i Huks-/Grindsdalen. Frå parkeringsplassen, i enden av vegen, følgjer du elva Stavseta ca 2 km nordover. Stien stig slakt heile vegen. Etter ca 1 km skal du greie å sjå sæla på stølsrommet. I motsetning til turen til Nyastøl, der du stig raskt og er fri skogen etter relativt kort distanse, er du først fri skogen når du nærmar deg brua over den vesle elva Reppa. Stavsete ligg i eit ope området under mellom anna Stav og Kaldekletten.

Går du i norvestleg retning opp på Stavafjellet kan du følgje den smale egga over på nordspissen av Stav. Etterpå kan du halde fram til sydspissen for å gå nedover til Fjærlandsfjorden langs Troeggi, forbi Vassvarden og ned til stølsområdet på Daurmalhaug og Skare for til slutt passere forbi garden Ruud og huset på Flætene og ende opp på Hella ferjekai.

Spasserer du i nordleg retning, med Stavsete i rygg, kan du halde fram mot Skar på ca 1.000 moh. Det blir ei rimeleg slak stigning frå Stavsete som ligg på ca 775 moh. Frå Skar kan du gå til Øvre Rommedal, som ligg på same høgd som Stavsete. Øvre Rommedal høyrer faktisk til Leikanger kommune. Frå Øvre Rommedal skal det vere ein sti som endar nede ved Fjærlandsfjorden på Romøyri.

Sidan du mest truleg må gå ca 6 km etter veg før du går dei siste 2 km fram til Stavsete, kan eit alternativ vere å gå tilbake mot Nyastølen. Når eg var der framme september 2011 såg eg mot plassen der det skal ligge ei bru over elva Stavsete. På avstand såg det ut som om ho ikkje var brukande. Eg såg noko som likna på 3 stålbjelkar som hang i boge over elva. Dersom brua er øydelagt, må ein leite etter ein plass som er smal nok til at ein krysse. Etter at du har kome deg over Stavsete, må du opp litt for å kome over Bleiehaug, under Kaldekletten. Frå Nyastølen kjem du ned att like nord for parkeringsplassen i enden av vegen.

Når ein først har kryssa elva Stavseta, vil det vere mogleg å koma seg opp på Kaldekletten og følgje Friksdaleggi opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Her når du 1.504 moh på Skarholten, som ligg til vest for Myrdalsbreen. Vil du høgare skal det vere mogleg å gå frå Skarholten mot den gamle 3-punktgrensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger, frå den tida Fjærland høyrde til Balestrand. Her vil du stå på det høgaste punktet i Leikanger kommune på 1.604 moh, nesten 300 høgdemeter over Kjeringafjell.

Turen til Stavsete er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete
Advertisements

3 thoughts on “Tur: Stavsete

  1. Tilbakeping: Tur: Stavatjørni | Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: Tur: Skarholten | Arild Bjørk

  3. Tilbakeping: Tur: Nordtoppen av Stav | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s