Tur: Dalhjedla til Stokksetesti

Mellom Dalhjedla og stien som går frå Skahaug forbi Raumålsgrinda til Stokksete er det ein sti som let deg raskt koma opp frå Henjadalen til Stokksete. Det er eit skilt på stien til Stokksete som peikar ned mot Dalhjedla. Sidan stien frå Dalhjedla ikkje inngår som ein naturleg del av nokre av turane til trimpostane er han svært lite brukt, dårleg eller ikkje merka og lett attgrodd. Mi erfaring er at første gong du vil gå stien er det lettare å gå han frå Dalhjedla og opp.

Når du startar på Dalhjedla, må du passe på å stå i sørenden, dvs. i motsett ende av der du finn postkassen med turboka. I sørenden er det ei løe som du går opp forbi og inn i lauvskogen. Etter litt skal det gå an å sjå ein sti eller dyrtrakk som du går sikk sakk i lett sørleg retning. Dette følgjer du til du kjem til bekken som renn ned sørom Dalhjedla. Her snur stien og du skal sakte, men sikkert skråe mot bekken som renn ned nordom Dalhjedla. I eit kort parti er stien vanskeleg å sjå, men etter litt skal du nærme deg ei steinrøys der du går gjennom opninga i eit steingjerde til det eg trur har vore ei grind ein gong i tida.

Etter steingjerdet kjem du til svaberg det står ei stor furu ved. Her kan det passe å ta ein pause og snu seg for å sjå over mot andre sida av dalen og heim mot Bjørgahaug. Etter pausen held du fram lett skråande i nordleg retning inn i lauvskogen. I denne siste delen av turen er det vanskeleg å sjå stien. Etter litt skal du kunne høyre bekken som kjem ned nordom Dalhjedla. Du skal ikkje heilt bort til han eller over han, men ta deg opp tilnærma paralellt med han slik at du kjem opp ved skiltet på stien til Stokksete som peikar mot Dalhjedla.

Stien frå Dalhjedla opnar for at ein kan variere på turane i Kleppaområdet. Eit eksempel er å gå frå Henjadalen til Dalhjedla og opp til Stokksetestien for å gå ned til Raumålsgrinda og traktorvegen som kjem inn til kraftlina. Der følgjer ein ikkje den vanlege stien ned til Skahaug, men går inn i kraftlinetraseen og følgjer han eit kort stykke før ein går inn i skogen og kjem ned i enden av Hovdavegen. Her går det ein sti inn i skogen, eit stykke over vegen inn Henjadalen. Denne stien endar opp på Dalhjedla og du har gjennomført ein solid rundtur. Diverre har eg ikkje skildra eller bilete av denne turen enno.

Ein lengre tur er å parkere sykkelen nede ved den nordlege oppgangen til Dalhjedla, gå til Stokksete og vidare mot Kallbakk, forbi Rjupeskar og Fagreggi og kome seg opp på Kjeringi og gå fram til austlegaste varden på Kjeringafjell. Her går du ned til Sevi, til Fivelshola/Flotande og heim Henjadalen. Å klive på sykkelen under Dalhjedla og trille heim dalen er ei nyting etter ein slik tur.

Eg har lagt opp mange bilete som eg håpar kan vere til hjelp for å kjenne seg att i terrenget. Dessverre er stien vanskeleg å sjå på mange av bileta. Ein lyt difor sjå etter tre eller andre kjenneteikn som kan vere til hjelp.

Turen frå Henjadalen opp til Stokksetestien via Dalhjedla er delt i fleire deler:

  1. Dalhjedla
  2. Dalhjedla til Stokksetesti

 

Advertisements

One thought on “Tur: Dalhjedla til Stokksetesti

  1. Tilbakeping: Tur: Stokksete etter skiløypa | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s