Tur: Raumålsgrinda frå Kleppa

Raumålsgrinda ligg i aust/nord-austleg retning frå parkeringsplassen på Kleppa. Du går mot klubbuset og leirduebana til Jakt og Fiskelaget før du går inn i skogen. Ved hytta til Jakt og Fiskelaget har stien vorte lagt om slik at ein no slepp å gå gjennom leirduefeltet og kan gå turen uavhengig om det er skyting. Biletserie min er frå 2009 og viser stien som startar i utkanten av leirduefeltet. Etter det eg hugsar kjem den omlagde stien, som startar sør om hytta, samen med den gamle omlag på bilete 11 og 12 i min serie.

Sidan mesteparten av stiginga er unnagjort ved å starte frå Kleppa, har turen relativ slak stiging. Du går gjennom til tider tett skog i lett skråande terreng. Turen er kort og ikkje krevjande som gjer at han passar for alle som kan gå. Utsiktsmessig er det ikkje mykje å skryte av, med mindre du synes trelegger er interessante. Litt utsikt får du når du kryssar to trasear med kraftliner. Fellinga av tre i desse dei siste åra gir rimeleg fri sikt. Etter å ha passert den siste traseen kjem du ut av skogen ca 50 meter over Raumålsgrindi, på stien som går mot Stokksete.

Turen er ikkje noko perle i seg sjølv, men som ein start og i kombinasjon med andre turar med utgongspunkt på Kleppa eller Skahaug fungerer han greitt. Du kan t.d. parkere bilen din på Skahaug og gå opp gjennom skogen til Raumålsgrinda. for så å krysse mot Kleppa og gå ned vegen tilbake til Skahaug. Eit anna alternativ er å starte på Kleppa og gå til Raumålsgrinda for å gå ned til og følgje traktorvegen, som kjem inn på vegen til Kleppa høgare oppe enn Skahaug. Det sparer deg for ein del høgdemeter i forhold til å måtte ta turen ned til Skahaug og opp att til Kleppa. Føler du deg ekstra sprek kan du ta langturen til Kjeringafjell på 1.314 moh ved å gå via Stokksete. Til ein slik tur bør du setje av ein heil dag. Ein mellomlang tur vil vere å gå rett vest frå Stokksete til Smørklett for deretter å gå ned att på Kleppa.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s