Tur: Kjeringafjell via Sevi

Turen startar i Henjadalen og går på traktorveg med slak stigning fram til Fivelshola/Flotande. Denne delen passar godt å sykle. Å kunne trille heim att frå Fivelshola/Flotande er meir enn fristande etter å ha vore på Kjeringafjell. Ca 900 høgdemeter eller 1.800 høgdemeter tur/retur frå Fivelshola/Flotande sit godt i beina og 4 km ned Henjadalen fortonar seg lite lystig. På Fivelshola/Flotande tek du til venstre og følgjer ein sti som går sikk sakk opp skogen i fjellstida til stølen Sevi. Her finn du berre eit einaste sæl som høyrer til Johannes Henjum på Henjum. Det passar bra med ein matpause ved sælet før du gjer deg i kast med dei neste 500 høgdemeterane opp til Kjeringafjell. For å kome til stien som tek deg opp til Nuedalen, må du snu deg slik at du har sælet i ryggen og følgje stien opp til foringsplassen/saltsteinen for sauene. Her vil du sjå starten på stien som skråar bratt opp gjennom lia. Litt oppi splittar stien seg og då skal du følgje den med mest stigning. Vel oppe i Nuedalen kryssar du dalen i nordleg retning og går rett opp på platået mellom Skuledalen og Friksdalen på ca 1.100 moh. Her passerer du Blankavatnet på di venstre side mens du går mot foten av siste stiginga opp på Kjeringafjell. Opp mot den fremste eller austlege varden får du eit godt utsyn ned Friksdalen, Røsebotn og opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Snur du deg mot sørleg retning ser du ned over Blankavatnet mot Hermansverk og Sognefjorden. Frå fremste eller austlege varden går du mot vest nokre få hunder meter til den store varden. På nordleg side kan du ta ein titt ned i Eitrebotn mot Kaldekletten. I vestleg retning kan du gå mot Huks-/Grindsdalen og sjå ned mot Stavsete og over mot Stav, Hest og Gildal. På sørsida kan du sjå over Blankavatnet, ned i Skuledalen over Okslahaugen og Øvstestølen ned mot Hermansverk og Sognefjorden. Turen til Kjeringafjell er splitta i tre deler:

  1. Henjadalen til Fivelshola/Flotande til og med bilete 50 av 70
  2. Fivelshola/Flotande til Sevi
  3. Kjeringafjell

Andre alternativ er å ta turen frå Kleppa på sommarstid eller vinterstid.

Advertisements

6 thoughts on “Tur: Kjeringafjell via Sevi

  1. Tilbakeping: Tur: Sevi | Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: Tur: Nyastølen | Arild Bjørk

  3. Tilbakeping: Tur: Skarholten | Arild Bjørk

  4. Tilbakeping: Tur: Ryggen mellom Vogga og Røsebotn | Arild Bjørk

  5. Tilbakeping: Tur: Stavsete | Arild Bjørk

  6. Tilbakeping: Tur: Huksdalen | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s