Hjelp til passord på internett

Keepass

Keepass

Vi får stadig fleire tenester å forholde oss til og så godt som alle krev brukarnamn og passord. Det skapar utfordringar å ikkje bryte den gylne regel:

  • Aldri bruk same passord på ulike tenester

Alle tenester skal ha sitt unike passord samtidig som ein skal unngå sekvensar som gjer det lett for andre å gisse. Til slutt og ikkje minst: Passorda må aldri skrivast ned på lappar eller klistrast under tastaturet 😉

Ein treng eit verktøy som kan hjelpe det å halde styr på passorda samtidig som dei er låst ned på ein forsvarleg måte med eit sterkt passord eller kodesetning.

Eit tips er programmet Keepass for Windows. Eg tilrår bruk av versjon 1.x av den enkle grunn at den er sjølvstendig og ikkje avhengig av Microsoft Net. Keepass er òg tilgjengeleg for Linux og OS X under namnet Keepassx. Pris: Gratis

Advertisements

2 thoughts on “Hjelp til passord på internett

  1. Jørn Gåsvær

    Har av og til lurt på ein ting Arild; kvifor er det så viktig å ikkje ha same passord på fleire nettstader eller tenester?
    – er det slik at t.d. systemansvarleg på desse tenestene kan trekke ut mitt brukarnamn/passord, og evnt. teste ut om eg har brukt dei same andre plassar..?

    Eg har heldigvis klekt ut eit system som sikkert lett kan knekkast om du veit korleis eg tenker, men inntil vidare er det rimeleg «uknekkeleg»; ihvertfall så langt..

    Svar
    1. Arild Bjørk Innleggsforfatter

      No er det sjeldan at passordet blir lagra i open tekst i system, men det kan eksistere unntak. Ein baserer seg nok på ein hash-verdi (t.d. SHA-1 som er ein 160 bits / 20 teikn sjekksum) av passordet. Det er umogleg å gå frå ein sjekksum og tilbake til passordet.

      Som oftast er e-postadressa brukar-id. Ryk e-post, nettbutikk og facebook pga av at dei brukar eit felles passord blir det i det minste mykje frustrasjon og noko tid før du får kontrollen att. Verre blir det om det er nokon som vil gjere mest mogleg f**nskap.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s