Tur: Fjærlandsete over Lusaskard


Fjærlandsete er ein støl som ligg nord om Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal. Sjølve stølsområdet er idyllisk plassert på austsida av Fjærlandsetevatnet. På vestsida av vatnet finn ein stølen Sumhaug.

Før var den lettaste måte å koma hit å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. I dag er det på grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen like lett å nå Fjærlandsete frå Leikanger. Ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug og går opp i Hottadalen og over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen. Samstundes sparar du bompengane både i Fatla og fremst i Øvstedalen.

Men vil du gå den finaste ruta, legg du turen om Skagasete og Lusaskard. Du kan køyre til Skagasete med bil om du ikkje ønskjer å gå opp skogen frå Kvålen eller Dalenfeltet. Fordelen med å ikkje ta bilen til Skagasete er at du kan bruke turen som del av ein rundtur der du går til Fjærlandsete over Lusaskard for så å gå til vestsida av vatnet til Sumhaug og ta turen ned Reiseta til Flyane og gå heim Henjadalen. Det er berre ein kort tur over elva frå barneskulen for å hente bilen på Kvålen.

Turen frå Lusaskard går ned Skitbrekkene og du har god oversikt i alle himmelretningar. Ein fin dag vil du sjå Jotunheimen med Skagastølstindane i horisonten. Turen går i lyng og graskledde skråningar mot aust. Du vil tidleg få auge på Fjærlandsetevatnet og Sumhaug. Om du ikkje vil heilt til Fjærlandsete, kan du ta av i nordleg retning og gå mot Sumhaug. Når du er komen omtrent halvveges på turen frå Lusaskard til Fjærlandsete, vil du sjå stølsområdet. Det er berre å halde fram nedover mot stølen. Om litt vil du få auge på Kalvevatnet. Nede ved vatnet kjem du inn på stiar du kan følgje mot stølsområdet eller du kan svinge vestover og følgje sti mot Sumhaug.

Turen til Fjærlandsete over Lusaskard er delt opp i fire deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
    Alternativ til 1 og 2: Skagesete inn Njøsadalen
  3. Skagasete til Lusaskard
  4. Lusaskard til Fjærlandsete
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s