Kraftline i Hardanger

Eg har registrert at det vart litt støy når vedtaket vart fatta og at det framleis «ulmar i glørne». Her om dagen kom eg på at ved Hermansverk, i Fatla, har vi eit svært luftspenn over til sørsida av fjorden. Det er vel 4 km i rett line over. Frå same plassen på sørsida av fjorden har vi eit like langt luftspenn over til Fimreite. Det siste er merka med små raude kuler på kablane. Korkje heimanfrå eller frå badestranda på Hermansverk greier du å sjå strekka, med mindre du går inn for det. I mørke skuggeparti kan du sjå i kablane. Den einaste gongen du kan sjå dei er dersom det er låg sol om kvelden. Mastene både på Fimreite og på sørsida er vanskelege å sjå, men dei siste mastene før spennet er i raudt og kvitt. Det er ein akseptabel pris å betale slik at dei som flyg i området ikkje endar opp i spenna.

Så er vi over til det ein i Hardanger er så redd for: At det skal gå ut over turismen i regionen. Mi oppfatning er at turismen i indre Sogn lir inga naud av desse spenna. Cruisebåtar og luksusyachtar må segle under for å kome til Flåm, Nærøyfjorden eller Lusterfjorden (Skjolden). Vil dei til ei evt. komande cruisekai i Sogndal, greier det seg med å sigle under det frå Fatla til sørsida, men ein må sigle parallelt med det frå sørsida til Fimreite eit kort stykke. For ikkje å snakke om at dei må under spennet frå Fardal til Fimreite.

Trafikken til Flåm og Nærøyfjorden har aldri vore så stor som i dei siste åra. Finanskrisa kan ha hatt sin innverknad, men det seglar jamnt og trutt båtar/skip inn og ut for å få med seg attraksjonane. At ei kraftline øydelegg for turismen har eg lita tru på. Eg har meir tru på at i framtida vil vår satsinga på vasskraft stå fram som tydelegare og eit langt meir fornuftige val av fornybar energi som også kan bli ein attraksjon. Land som ikkje har våre føresetnader, må basere seg på energi frå andre kjelder. Eg veit kva eg ville valt om det stod om vassdrivne kraftverk, vindmølleparkar eller store solcelleparkar. Det første er vanlegvis gøymt vekk i ein dal. Dei to siste er avhengige av tilgang til vind eller sol det meste av døgeret og må plasserast på opne plassar. Men kanskje er det best med atomkraft?

Naturlegvis kan det vere noko å justere med omsyn til traseval enkelte plassar i Hardanger. Å flytte litt på nokre master her og der bør la seg gjere, men eg har inga tru på slike kablar i jord eller i fjorden. I mi enkle tru er eg overtydd om at det er enklare å finne eit brot i eit luftspenn med å fly eit helikopter langs spennet enn det er å feilsøke nedgrevne eller -søkte kablar. Ligg kabelen på botnen vil han bli påvirka av endringar i botnforholda som t.d. at deler av botnen raser ut eller at nokon slepper noko ned på han. Det kan vere straum- og botnforhold som gjer at kabelen ligg og gnisser og ryk eller det går hol på isolasjonen, slik at straumen går til jord.

Eg vil berre minne om kva som skjedde når dei skulle strekke ein sjøkabel til Måren sitt kraftverk i Sognefjorden. Kabelen miste dei frå båten og det vart vurdert rimelegare å strekke opp ein ny. Eg registrerer at BKK har kjøpt kabelen og at dei var usikre om alt var OK. Heldigvis var heile kabelen brukande, men som ein ser: Det tek mykje tid før ein kan få fiksa brot i ein kabel som ligg i sjøen.

Eg kan også dra fram andre eksempel på sjøkablar som står omtala i denne artikkelen. Sjøkabelen til Nederland som Statnett meinar er teknologisk svært avansert, har hatt 3 straumbrot siden han kom i drift i 2008. Det siste tok 3 måneder å reparere den siste feilen. Over Oslofjorden har Statnett ledningar som kryssar fjorden i sjøkablar. Her erfarte Statnett samtidig feil på sjøkablane til 2 av ledningane, med svært lang reparasjonstid.

Kor dyrt og miljøvennleg er det å leggje nye kablar når ein kabel ikkje er lønsam eller tilnærma umogleg å reparere? Er det ikkje mykje isolasjon i ein slik kabel som ikkje er så lett nedbrytbar i naturen? Kor lang tid på ein bruke gasskraftverk og gjerne mobile gasskraftverk til å avhjelpe ein situasjon med eit langvarig problem med sjøkabelen? Ryk ein kabel frå eit luftspenn og hamnar i fjorden, vil den vere av reint metall og ruste over tid.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s