For dårleg univeral straumforsyning

hp510 I går lærte eg noko nytt. Eg fekk inn ei 3 år gamal HP 510 som i førstninga såg ut til å fungere upåklageleg. Dei som hadde ho hadde opplevd at ho brått slo seg av med ujamne mellomrom. Eg sette ho i støpselet og slo ho på. Maskina fungerte heilt fint ei lang stund. Eg la merke til at batteriet ikkje ville ta lading, men det er ikkje uvanleg at batteri er kaputt på gamle maskiner.

Eg sjekka kva for prosessar som Windows køyrte og om det var noko som hadde snike seg inn i oppstarten som kunne tyde på at ho var infisert av eit eller anna. Alt såg heilt fint ut og eg hadde sågar tenkt å friskmelde ho. Men brått slo ho seg av utan forvarsel. Det første som slo meg var overoppheting. Eg fekk blåst reint vifte og kjøleribber med pressluft. Starta maskina att, men ho slo seg av igjen etter ei lita stund. Eg var inne i BIOS og sette opp at vifta skulle gå når maskina var på. Det såg det ut til at maskina gjekk greitt, men eg var litt att og fram og det var pausar i løpet av testane så det var andre ting som gjorde det. Det enda uansett med at eg til slutt ikkje greidde å starte maskina att. Når eg trykte på av/på-knappen, blinka straumdioden men ingen ting skjedde. Eg såg meg nøydd til å dra nedom jobb for å få ut disken og sikre data frå han. Det er i slike situasjonar ein skjønar kor viktig det er å ta backup.

På jobben såg eg at eg hadde eit 90 watts HP straumadapter til ei eldre maskin. Volt, amper og pluggen stemde med HP 510. Maskina starta opp med ein gong. Eg la merke til at batteriet byrja å ta lading. Det var berre å setje igong utkopieringa og krysse fingrane for at det gjekk. Maskina oppførte seg eksemplarisk heilt til eg avslutta Windows. Ingen krasj, plutselege stopp eller anna tull.

Årsak til problema
Det orginale straumadapter var forlagt og det var kjøpt inn eit 90 watts universaladapter på Elkjøp. Om ein les på det, skulle det greie å dra rundt maskina, men det har nok mangla litt. Det som har skjedd er at maskina har gradvis tappa ut batteriet når ho har gått på straum. Har ho vore lagt bort utan å vere påslått, har adapteret lada opp batteriet. Men når batteriet er på tilnærma 0% byrjar problema.

Lærdomen er å passe på å skaffe seg eit skikkeleg adapter. Skal ein gå for universal adapter bør ein gå for 120 watt når maskina har hatt eit 90 watt adapter og 90 watt når maskina har hatt eit 65 watt adapter. Eg såg på ClasOhlson at adapteret på 90 watt ikkje ville greidd å fylt krava HP 510. Det mangla noko på amperen når ein kom opp i spenning på 18-22 volt. Kanskje ein ikkje bør sjå så nøye på det som er skrive. For på universaladpateret som var kjøpt stemte volt og amper, men i praksis var det litt for lite.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s