Antivirus som krev lite ressursar

Over tid har eg lagt merke til at dagens antiviruspakkar har blitt ressurskrevjande applikasjonar. Det er lettast å merke dersom du avinstallerer antivirus. Ein vil merke seg at det mellom anna går raskare å logge inn i Windows. Skilnaden er størst på eldre maskiner eller på dei nyare netbooks og maskiner med svakare prosessorar. Men du vil jamvel merke det på dei kraftigaste maskinene.

Eg har vore innom produkt frå Symantec, Norman, Avast, Avira, AVG, F-prot og Microsoft Security Essentials. Av desse er det nok dei to siste som eg vurderer som minst ressurskrevjande og masande. Sidan eg byrja å bruke F-prot har han est ut frå ca 36 MB i 2007 til nett i overkant av 60 MB i 2010. Norman anser eg til å vere ein av dei verste. Meinar å hugse at på jobbmaskinene tek Norman Antivirus ein plass mellom 100 og 120 MB i 2010. Det vil sei over 20% av tilgjengeleg minne på dei fleste maskinene våre. Det tek laaaaannnnngggg tid å starte opp ei berbar maskin med lite internminne, treg hard disk og ein stakkarsleg Pentium M-prosessor!

Sjølv har eg merka det mest på mi netbook med svak Intel Atom N270-prosessor, men også på ei 3 år gamal maskin med ein Core 2 Duo-prosessor. Minne er det nok av. F-prot fungerer greitt, Microsoft Security Essentials betre, men no meiner eg at eg har funne eit betre alternativ som eg testar:

clamav-logo2

ClamAV for Windows baserer seg på sky-basert teknologi for å spare på ressursane til maskina. Du kan gjerne stille spørsmål om kva dersom ikkje nettet er tilgjengeleg. For meg er det eit minimalt problem. Maskinene mine er for det meste kopla til internett. For det meste lastar eg ned programvare frå nettet og dei få eg har kjøpt på fysiske medium blir sjekke mot skya når eg legg dei inn. Det neste spørsmålet eg stilte meg var om mine data vert gjort tilgjengeleg for andre på nettet. Svaret er nei. Du kan lese meir om korleis ClamAV for Windows fungerer i FAQ.

Einaste ulempa er at han ikkje har tradisjonelt virussøk. Du kan ikkje søke gjennom ei mappe eller disk. Han har berre sanntidsøk av program som vert køyrt. Dette ordnar du ved å bruke ClamWin for Windows.

clamwin_logo

ClamWin for Windows har ikkje sanntidsøk og vil ikkje dra maskinressursar med mindre du gir han oppgåver som scanning av filer, mapper og diskar. Eit anna alternativ er å setje opp virussøk til visse tider, t.d. søke i Windows-katalogen. Funksjonaliteten vil bli integrert i ClamAV for Windows etter kvart. Inntil vidare kan eg leve med dette.

PS! Nemnde eg at dette er gratis med mindre du vil donere nokre slantar til dei?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s