Tur: Skriki

Fjellet Skriki på 1.227 moh ligg ikkje i Leikanger kommune, men i Sogndal kommune. Toppen ser du lettast når du nærmar deg Fardal frå Sogndal, etter bilvegen. Skriki ligg over Ølmheim og mot Fardal. Det er blir eit godt stykke å gå frå Leikanger. 4 – 5 timar bør du rekne på turen. Naturlegvis vil du også sjå han på turar som til t.d. Lusaskard eller Kjeringafjell.

Utgongspunktet for min tur var transformatorstasjonen på Njøs. Etter eit lite stykke på traktorveg startar den bratte stien kalla Kidlestigen (Geitekillingstien) opp til Bjørgahaug. Eit mindre bratt og luftig alternativ er å parkere ved rasteplassen på Sanden, like ved der 80-sona startar mot Fatla og Sogndal. På Bjørgahaug, 362 moh, kan det vere greitt med ein liten pause før ein stig vidare opp til Andhovden.

Frå Andhovden mot Hangsete og inn Hangsetedalen til Kalvavatnet, ved foten av Skriki, er det eit langt stykke å gå på god sti. Heldigvis er ikkje stiginga like kraftig som på den første biten. Du må ha tolmod og rekne med 2 til 3 timar frå Andhovden. Sørg for å ta pausar med jamne mellomrom og fyll på med mat. Etter cirka halvveges vil det vere mange alternativ til å bryte av mot nord og gå i retning av Mjellhaugane (Mælatoppen).

Framme ved Kalvavatnet kan du gå ei sløyve som går mot Ølmheim, nede ved foten av Skriki. Du vil kome inn inn på stien som kjem opp frå Norane. Eg likar å gå direkte på og siktar meg inn på ein stein, kalla Novstein, som ein ser, litt oppe, på vestre del av ryggen til Skriki. Når du kjem opp til Novsteinen, er det berre å følgje ryggen vidare mot toppen og varden som ligg på 1.227 moh.

Turen til Skriki er delt i 3 deler:

  1. Frå Njøs til Bjørgahaug
  2. Frå Bjørgahaug til Hangsete
  3. Frå Hangsete til Skriki
Advertisements

3 thoughts on “Tur: Skriki

  1. Tilbakeping: Tur: Bjørgahaug frå Njøs | Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: Tur: Bjørgahaug frå Sanden | Arild Bjørk

  3. Tilbakeping: Tur: Mjellhaugane | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s