Tur: Stokksete frå Kleppa

Turen til Stokksete kan du ta frå to stadar, parkeringplassen på Kleppa eller frå Skahaug, like over byggefelta på Røysa. Begge stiane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Sommartstien til Stokksete frå Kleppa følgjer ikkje skiløypa. På veg mot Damefall, går stien vestom Damefall. Du slepp myrane og vått terreng, som det er litt meir av i skiløypa, men turen er litt lenger. Er det ein periode med tørrver, kan du gå opp skiløypa og spare deg for ein del tid. Vil du gjere litt meir av turen, kan du går ne til Raudmålsgrindi. Like over ho går det ein sti tilbake mot parkeringsplassen på Kleppa. Her er det viktig at du lyttar godt etter. Stien kjem ut på leirduebana. Du har ikkje lyst til å spasere inn midt i hagledrivene, men fortvil ikkje. Når du nærmar bana, vil det vere mogleg å ta av i god tid før og kome ut på ein sikker plass.

Turen til Stokksete frå Kleppa er splitta i tre deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørklett – Bilete 002 – 016
  2. Frå krysset der du kan ta av til Smørklett til kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell Bilete 002 – 007
  3. Frå kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell til Stokksete
Advertisements

3 thoughts on “Tur: Stokksete frå Kleppa

  1. Tilbakeping: Tur: Rjupeskard | Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: Tur: Rjupeskar | Arild Bjørk

  3. Tilbakeping: Tur: Stokksete etter skiløypa | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s