Tur: Stokksete via Raumålsgrinda

Turen til Stokksete kan du ta frå to stadar, parkeringplassen på Kleppa eller frå Skahaug, like over byggefelta på Røysa. Du brukar same utgangspunktet som turen til Raumålsgrinda. Etter å ha vore dit eit par gonger, kan du godt legge på vel 1/3 til og kome deg til Stokksete. Begge turane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Stien frå Raumålsgrinda er tydeleg og du vil passere i ytterkant av myrene, der skiløypene på Øvstestølen vert lagt. Når du nærmar deg Stokksete, vil du møte stien som går ned eller opp frå Dalhjedla i Henjadalen. Den stien er svært lite brukt og er lett å miste. Vil du gå ned til Dalhjedla, vil eg tilrå at du tek med deg kjentmann eller –kvinne. Like etter vil du kome til Gaosi, ein gamal offerstad. Her gjekk ein aldri forbi utan å legge bær eller anna til Gaosi. Like etter Gaosi deler stien seg og du kan velje å gå til venstre i Stokksetereset og kome fram til trekassen på påle (ved Raude Kross-kasse), eit kort stykke før stølsområdet. Held du til høgre går du nærare stølsområdet, men enno på god distanse til sæla/hyttene fram til kassen.

Turen er splitta i to deler:

  1. Frå Skahaug til Raumålsgrinda
  2. Frå Raumålsgrinda til Stokksete
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s