Tur: Rjupeskar

Rjupeskar er ein tur ein kan ta både sommar som vinter på Leikanger. Utgongspunktet er parkeringsplassen på Kleppa og du skal opp på Øvstestølen.

Om vinteren følgjer du skiløypa fram til Damefall og opp til Stokksete før du kjem til Kallbakk. Om sommaren følgjer du stien som skil seg frå skiløypa, ca 500 meter frå Øvstestølen i retning Damefall. Stien går i skogen vest for Damefall og Stokksete. Når du kjem til krysset der stien skil seg til Kjeringi og Stokksete, tek du kortaste veg mot Kjeringi. Du endar opp på Kallbakk og får frigjort deg frå skogen. Endeleg er det mogleg å nyte utsynet. På Kallbakk går stien saman med skitraseen fram mot Rjupeskar, i enden av ein rygg som strekker seg vestover, ned frå Fagreggi. Siste del av turen, er litt bratt, men det er ikkje mange minuttane før du står på Rjupeskar og kan sjå vidt omkring. Om vinteren kan det vere lurare å gå opp mot Fagreggi for å sigle ryggen ut til Rjupeskar.

På Rjupeskar kan du i aust sjå Fjærlandsetevatnet med Jotunheimen og Hurrungane i bakgrunn. Snur du deg sakte sørover, har du både Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki, Bjørgahaug før du i sørvest ser du innover fjorden mot Fimreite, Fresvik og Aurlandsfjorden. Feiosdalen skimtar du samt deler av Vik og Balestrand og Stølsheimen. Rjupeskar gir deg i vest god utsikt mot Grindsdalen med Mælen, Dalsbotnen, Hest og Gildal. Nedanfor Rjupeskar kan du sjå Dalsete på Huke-sida av Grindsdalen. Nordom har du heimsta Kjeringi og Fagreggi.

Turen er omtala i to deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørklett – (Bileta 002 – 016)
  2. Frå krysset til Smørklett og opp til Rjupeskar

Deler av turen om vinteren finn du i skituren til Kjeringi i april

Advertisements

6 thoughts on “Tur: Rjupeskar

  1. Tilbakeping: Tur: Gildal | Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: Tur: Gildal | Arild Bjørk

  3. Tilbakeping: Tur: Dalhjedla til Stokksetesti | Arild Bjørk

  4. Tilbakeping: Tur: Kjeringafjell frå Kleppa | Arild Bjørk

  5. Tilbakeping: Tur: Fagreggi | Arild Bjørk

  6. Tilbakeping: Tur: Stokksete frå Kleppa | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s