Tur: Hest/Hestfjellet

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Helleseteberget / Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. Dersom du doblar distansen frå Helleseteberget / Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen. Tek du deg ein god pause på Dalsbotnen og igjen doblar turen, vil du kome deg opp på fjellet Hest eller Hestfjellet som ligg på 1360 moh. Samla bør du rekne med at turen frå Engjasete til Hest eller Hestfjellet tek deg mellom 3 og 4 timar opp. Nedatt går det raskare, ca 2 til 2,5 timar.

Hest eller Hestfjellet ser du frå Dalsbotnen. For å kome dit må du opp, det eg vil kalle, tre platå. For å kome til det første platået, følgjer du stien opp til Fagereivatnet. Stien er tydeleg i lia bak sela, eit stykke til høgre for elva som renn frå vatnet. Det blir ei kort stigning. Oppe ved Fagereivatnet, tek du peiling på Hest og siktar deg inn på austre ryggen. Hald til høgre for vatnet. Stigninga til det neste platået er nok ein del lengre enn frå Dalsbotnen til Fagereivatnet, men vel så bratt. Når du er oppe, er det igjen å ta peiling mot austre rygg fjellet Hest eller Hestfjellet. Ved å legge turen litt til høgre på den slake stigninga fram til det siste platået like under ryggen Hest eller Hestfjellet, kan sjå ned Gildalen og over mot Kjeringafjellet, Kaldekletten, Voggebreen m.m. på austsida av Huksdalen.

Ved foten av austre ryggen av Hest eller Hestfjellet, går du opp på gras/mose, som skil seg tydeleg fram frå steinørkenen. Cirka halveges opp ryggen, snur du nasen vestover mot varden på Hest eller Hestfjellet. No skal du kunne få auge på små steinvardar, som guidar deg mot varden. Går du tidleg på året, kan du satse på å gå opp snøen og kome opp nærare varden. Oppe på Hest eller Hestfjellet er det berre å nyte utsikta 360 grader. Her ser du i vest Storholten og Vassvarden. I sør ser du mot Vik og fjella der, Vangsnes, Mælen, Feios, Borlaug. Innover fjorden ser du langt inn til fjella på Frønningen, Storhugen, Bjørgahaug, Mjellhaugane, Skriki. Og austover langs ryggen på Hest eller Hestfjellet ser du Fagreggi, Smørklett, enden av Eitrebotn, Kjeringafjellet, Kaldekletten og Voggebreen.

I nord ligg andre toppar å lokkar. Ved å følgje steinørkenen nordover over/ved Midteggi, endar du opp på sørspissen på Stav på 1456 moh. Frå der startar ei lang vandring ned Troeggi til Vassvarden, Storholten, Daurmålhaug, Skarde, garden Rud til du står på kaien på Hella. Totalt tid på denne turen frå Engjasete må du rekne 8 til 9 timar.

Turen til Hest eller Hestfjellet er delt opp i fire deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hellesetberget/Hedlesetnipa
  3. Hellesetberget/Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Hest
Advertisements

2 thoughts on “Tur: Hest/Hestfjellet

  1. Tilbaketråkk: Tur: Gildal | Arild Bjørk

  2. Tilbaketråkk: Tur: Ryggen mellom Vogga og Røsebotn | Arild Bjørk

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s