Tur: Dalsbotnen

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Helleseteberget / Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. I korte trekk er desse to turane ei dobling i distanse.

Dersom du doblar distansen frå Helleseteberget / Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen. Stølen har seks bygningar og tufter etter to sel eller fjøs. Like før du kjem inn på stølsområdet renn ei elv forbi. Her kan du ta deg ein god slurk av friskt, kaldt vatn frå Fagereivatnet, over Dalsbotnen. Stølen ligg austvendt og har utsikt mot austsida av Grindsdalen; Huksdalen. Du ser mot Dalsete og Huksstølane. Av fjell ser du Smørklett, som ligg nord for og mellom Kleppa og Eggja. Du ser mot Rjupeskar, Fagreggi, Discohola og Kjeringi og Kjeringafjell.

Dersom du er interessert i å fiske, kan du følgje ein sti gjennom stølsområdet og opp til Fagereivatnet, på ca 950 moh. Satsar du på ein skikkeleg langtur, er det berre å halde fram frå Fagereivatnet i retning nord/nordvest til fjellet Hest på ca 1350 moh. Frå Dalsbotnen må du rekne med ca 1,5 til 2 timars marsj dit. Om du berre vil nyte eit vidt utsyn over Sognefjorden, kan du følgje ryggen til Mælen i sørvestleg retning frå Dalsbotnen i ca 30 minutts tid.

Turen til Dalsbotnen er delt opp i tre deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hellesetberget/Hedlesetnipa
  3. Hellesetberget/Hedlesetnipa til Dalsbotnen
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s