Tur: Vassvarden

Turen opp til Vassvarden, startar på parkeringsplassen på ferjekaien Hella. Turen opp er rimeleg hard sidan du skal opp frå havnivå til 1024 moh. Det er kontinuerleg stigning i varierande grad. Du må rekne med å bruke 2 – 2,5 timar opp. Er du i rimeleg bra form, kan det gå på ca 1,5 timar.

På Hella går du opp, gjennom tunet til Olav Hellen og inn på gamle stiar til gardane Flete og Rud. Det er sett opp skilt som vil peike deg i rett retning i første del av turen. På Flete kan halde fram på sti gjennom Eitorn, over Kvinnafossen til Skoparsete og ned att på Skjer, ved lomma der ein kan sleppe trafikken forbi. Denne turen skal ikkje omtalast her. Både garden Flete og Rud er fråflytta, men blir brukt til fritidsbustadar. Du kan lese meir om dei på «Ro, et lite eventyr» og på eitorn.origo.no.

Over husa på Rud går du gjennom enga og opp, gjennom skogen, til stølen Skarde på 515 moh. Frå Skarde kan du nyte utsikta utover Sognefjorden og ned på garden Rud. Turen opp til Skarde passar i seg sjølv som ein kortare tur. Han tilsvarar turen frå Kvålen til Skagasete over Haoahaug.

Over Skarde går du gjennom skogen opp til Daurmålhaug på 732 moh. Du er no over tregrensa og kan skimte Vassvarden i nordleg horisont. Du held fram nordover på vestleg side av Storholten, som ligg rett sør om Vassvarden. Stien er rimeleg synleg og du kan speide etter små steinvardar eller små stikker i terrenget. Når du er komen opp til ca. vest for Storholten, vil du sjå varden igjen. Det er berre å sikte seg inn og gå mot han. Oppe ved varden har du ei fantastisk utsikt, spesielt mot eit ope turlandskap heilt vest i Leikanger kommune. I sørleg retning ser du mot Borlaug, Feios, Vangsnes og Vik. Dreier du mot vest, ser du Kvamsøy, Balestrand, Dragsvik, Sværefjorden og innseglinga til Fjærlandsfjorden. På ein klar dag kan du sjå langt inn i fjella.

Frå Vassvarden kan du velje å gå vidare nord/nordaustover, passere Syringaholten, kome deg opp på Troeggi for gå fram til sydspissen av Stav. Her kan du velje å gå til nordspissen, ned ryggen på Stavafjellet og kome ned nord i Grindsdalen, på Stavsete. Eit anna alternativ er å ta turen sørover om Midteggi til Hest (Hestfjellet) for å gå ned til stølen Dalsbotnen og til garden på Engjasete. Eg tilrår å gå denne turen motsett veg. Du sparar nokre høgdemeter med å starte på Engjasete. Litt om turen og bilete finn du her.

Advertisements

4 thoughts on “Tur: Vassvarden

  1. Tilbaketråkk: Tur: Engjasete-Dalsbotnen-Hest-Stav-Troeggi-Vassvarden-Hella | Arild Bjørk

  2. Tilbaketråkk: Tur: Skoparsete til Eitorn | Arild Bjørk

  3. Tilbaketråkk: Tur: Huksdalen | Arild Bjørk

  4. Tilbaketråkk: Tur: Mælen | Arild Bjørk

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s