Kraftverk i Leikanger

Troeggi Det har vore ein del støy rundt kraftverket i Leikanger i Sogn i våren 2009. Motstandarar bruker eit kvart knep og eit av hovudargumenta er ofte naturopplevinga (i Henjadalen). Eg har gått i fjella frå Hella med Storholten og Troeggi i vest til Skriki i aust. Frå nord har eg vandra nesten til/frå grensa til Fjærland i Grindsdalen og frå Gunvordalen (nesten på Vatnasete) til Hermansverk. Sidan eg kjenner naturområda rimeleg godt, kan eg ikkje skjøne kva dei meinar er så flott med dalar med grusa veg. Å spasere på grusveg nede i ein dal er kort og godt kjedeleg. Takka vere at vi nesten ikkje har sauer att, til å halde vegetasjon nede, er sidene mykje grodd att eller på god veg til å bli det. Det er ikkje lett å finne att gamle stiar i liene.

Skrik Nei, skal ein ha ei naturoppleving, må ein opp over tregrensa. Ikkje noko er flottare enn Troeggi, Mælen, Hest, Kjeringi, Skrik, Lusaskard og Synnevaskjær. Og då sit eg ikkje å studerer Grindsdalen eller Henjadalen. Dei er berre nødvendige «transportetappar» for å kome opp eller ned. Eg har høyrt hjartesukk frå folk over kor lite spanande og interessant vandring det var frå Åsenosi, fremst i Henjadalen, til Syril stadion. Nei, eg har ikkje nøkkel til bommen så ein god marsj er einaste alternativet. Eg har heller ikkje suv, så Huksdalen (austsida av Grindsdalen) fordrar også ein lang marsj.

Energi er ikkje noko vi kjem til krevje mindre av. Etterkvart som olje og gassressursar går tomme eller dei ikkje blir politisk eller økologisk korrekte nok lenger, må vi erstatte dei med andre former for energi. Vindmøller skapar store stridar. Hundrevis av vindmøller plassert på land, så vel som i havet, ser ikkje bra ut. Det er store monster som produserer dyr energi. Eg kan heller ikkje sjå for meg at solfarmar, med titusenvis av kvadratmeter med solceller, skal vere betre. Dette er langt meir skjemmande enn nokre små inngrep, skjult langt inne i to dalar.

Kvinnafossen Ikkje vil inngrepa skjemme fronten mot Sognefjorden fordi dei skjer langt inn i dalar, som buktar kilometervis – om ikkje ei mil – nordover. Turistar på cruiseskip og private yachter vil vere uanande om kva dei djupe dalane skjuler. Elvene våre er knapt synlege frå der båtane passerer, like oppunder Borlaug, på veg til Flåm og Gudvangen. Og så var det fiske. I Henjaelva er det stopp etter ca 1 km opp elva, under ei demning, for fisk. Laksehøl var/er ein attraktiv plass, men sidan eg var barn var dette ein plass som ikkje var tilgjengeleg for ålmenta. Her vart ein jaga av grunneigar eller fiskar. Oppom og fram i Henjadalen er det for det meste fisk i storleiken “kattemat” å få. Fjærlandsetevatnet, Trastadals- og Myrdalsvotni er betre for fiske. Einaste elva vi må ta vare på er Kvinnafossen, ho er eit postkortmotiv.

Henjadalen Vi skal vere glade for vi har ressursar tilgjengeleg som vi kan hauste av. Det blir ikkje mykje i kassa av ein byråkrat som tek på seg det siste i treningsantrekk og joggar, syklar eller går på ski i dalane. Eg trur løypene på Øvstestølen er betre til det siste. Ein får i det minste sol der, ein godversdag. Det blir klaga når grunneigarar ønskjer å forlenge skogsvegar, for å kome fram til sine områder. Men i ettertid får ein enno lengre vegar å jogge på. Ser ein på Njøsadalen har det blitt lettare å ta seg inn i dalen og kome seg opp over tregrensa til opnare turterreng. Heldigvis krev ingen bompengar enno.

Det er godt mogleg at slik som det blir ordna no ikkje vil gi optimal avkasting for kommunen sine ressursar. Men når ikkje kommunen sjølv har økonomisk ryggrad til å vere med å etablere kraftverk, får vi ta til takke med det som er mogleg å få til. Vi må satse på selskap som baserer inntening på realverdiar. Mang ein kommune har svidd seg på dansen rundt gullkalven dei siste åra. Verdiane og avkastinga har forsvunne som dogg for sola. Nokre har valt å satse på hasardspel med godkjenning av departement. Andre har festa som om det var siste dag i tidsrekninga. Dei hadde det kjekt og har i det minste fått minner att for pengane, sjølv om prisen var høg.

Hest frå SmørklettDet eg håpar er at ein kan bruke bygging av kraftverk til å utvikle dalane i Leikanger. Vi må sjå til Kjeringi Open og Sognefjordrennet og bygge vidare på arbeidet eldsjeler har lagt ned. La oss også sjå til Voss og kva dei gjer med Ekstremsportveka. La meg ta nokre eksempel:

  1. Leikanger har ikkje ein god skibakke. Det er berre tilfeldigheitar om ein greier å halde han open og han er svært kort. Bakken ligg for lågt i høve det varmare veret. Snøkanoner kan ikkje brukast fordi ein ikkje har nok tilførsel av vatnen ovanfrå. Kva med ein skikkeleg slalombakke ned frå Hest (ca 1350 moh) til Grindsdalen eller at ein bygger opp om dette frå Kjeringi (ca 1300 moh) og ned i Grindsdalen eller evt. ned mot Friksdalen?
  2. Kva med eit skianlegg fremst i Grindsdalen, i området Eitrebotnen til framom Stavsete? Mykje av området her er ope og vil ha tilgong på sol om vinteren. Snøforholda ser veldig bra ut for meg.
  3. 0413002 Austsida av Henjadalen grensar til populære skiløyper som går over Høgehaug til Fjærlandsete og tilbake til Hodlekve. Dette er ypperleg skiterreng som no ikkje er lett tilgjengeleg frå Leikanger. Ein må til Sogndal for å kome dit om ein ikkje vil kjempe seg fram ei mil i Henjadalen og så opp liene i tett skog.
  4. Kva med ei snøskuterbane i Friksdalen, slik at ungdom og vaksne kan herje frå seg utan at vi risikerer å møte dei i full fart i skiløypene om vinteren?
  5. Kva med å kombinere nye skibakkar og anlegg med terrengsykkel osv?
  6. Kva med moglegheit for paragliding og hanggliding frå toppen av nye skibakkar, t.d. frå Hest eller Kjeringi?

Skal vi gjere Leikanger attraktiv for aktive unge og vaksne i distriktet og på Vestlandet, må vi kunne tilby eit vidt aspekt av friluftaktivitetar i attraktive områder. Attgrodde dalar har ikkje stor verdi.

Advertisements

2 thoughts on “Kraftverk i Leikanger

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s