Tur: Kjeringafjell i april

Skitur til Kjeringafjell startar på Kleppa, vel 5 kilometer frå Sognefjordvegen. Til turen må du hugse å ta med nok drikke og mat samt varme klede. Du skal opp frå ca 500 til 1.314 moh. Rekn med å bruke 3 timar på turen opp.

Frå Kleppa kan du gå på snøen opp til Øvstestølen. Deretter følgjer du løype fram til Damefall. Her stoppar du for å legge på feller eller smørje skia slik at dei klabbar skikkeleg. Frå Damefall vil du stige nesten 800 høgdemeter til Kjeringafjell og treng festet. Cirka 1 kilometer frå Damefall går du forbi stølen Stokksete før du går vidare til Kallbakk. Frå Kallbakk svingar du opp under Rjupeskar før du siktar deg inn på vestre del av Fagreggi. Oppe ved Fagreggi, må du ned i Discohola. Ikkje spør kvifor ein kallar det for Discohola, eg veit ikkje. I Discohola er det godt med ein matpause for å samle krefter til den kraftiga stiginga. Start roleg etter matpausen. Du skal frå ca 950 moh til 1150 moh på kort distanse. Det blir sikk-sakk opp fjellsida før du kjem opp ved varden på Kjeringi. Det er ikkje berre ulemper med den bratte stiginga. Tek du tida til å nyte utsikten medan du kviler på stavane frå tid til anna, vil du ha ei fantastisk utsikt som strekkjer seg frå Stølsheimen i vest og inn til Frønningen og munningen av Aurlandsfjorden.

Frå varden på Kjeringi er det litt motbakke att før du er på ca 1250 moh og skal til å runde over Skuledalen mot vardane på Kjeringafjell. I forhold til det du har vore gjennom er dette så godt som flatt terreng. I austre enden av Kjeringafjell finn du i 2016 radiobua. Frå Kjeringafjell har du ei fantastisk utsikt som strekkjer seg frå Balestrand og Stølsheimen i Vest og heilt til Jotunheimen med Hurrungane i aust. I nordleg retning har du Voggebreen og Myrdalsbreen med Friksdalen under Kjeringi. I sørleg retning ser du Hermansverk og Nokkaneset samt over til Feios, Borlaug, Fresvik, Frøninngen, Fimreite-neset og munningen av Aurlandsfjorden.

Etter ein god rast med god mat og drikke, er det berre å fjerne fellene eller smurningen å begi seg på turen ned att. Ta deg god tid til å sigle på sikk-sakk i dei brattaste partia for å nyte nedturen og utsikta.

Advertisements

One thought on “Tur: Kjeringafjell i april

  1. Tilbakeping: Skitur: Okslahaugane | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s