Å gjere lekser eller ikkje…..

Det er ikkje til å tru kva enkelte greier å få til å sei. Det kan godt vere at det er journalisten som har vinkla det litt skarpt for å sikre at mediet held fram med å vere «økonomisk levedyktig» i desse tider. Å hevde at lekser ikkje har effekt og at det i tillegg, no sist, blir vinkla som at eleven og studenten med lov, eller rettar sagt utan, lova i hand kan hevde at han/ho ikkje er pliktig å gjere lekser…. Vel, eg er mållaus. Det virkar som om nokon har opna kjeften utan å setje hjernen i gir. 

Det er mogleg at eg er gamaldags og rar, men eg er av den oppfatninga at skal du bli skikkeleg god i noko, så må du øve eller trene. Yngwe Malmsteen, Joe Satriani, Steve Vai med fleire gitaristar får ikkje fingrane til å flyge over strengane og banda med å spele World of Warcraft eller rotne vekk framfor TVen. Bjørn Dæhlie med fleire fekk ikkje opp farten ved å søkke djupt ned i sofaen etter at klokka har passert 16.00. Du set ikkje utfor Kitzbuel utan eit solid treningsgrunnlag, med mindre du har eit ønskje om å forlate jorda. Ein sjakkspelar blir ikkje god fordi han veit at tårnet kan flyttast horisontalt eller vertikalt, han må ha spela mange spel for å kunne analysere spelet godt. Skal vi oppleve at trening før kl 08.00 og etter kl 16.00 blir sett på som doping?

La meg få sleppe å høyre at ein eller anna seier at lekser ikkje er til hjelp. Eg har ikkje det minste tru på hypotesa. Eventuelle datagrunnlag for slike analyser på gjennomgåast på nytt og det må gjerast studie på studie for å endeleg slå fast denne teorien.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s