Tilpassing av Firefox

Eg lærer noko heile tida. Med Internet Explorer 6 slo eg saman knapperadar, menyar, adresseliner slik at dei skulle ta minst mogleg plass på skjermarealet. Eg kunne køyrt i fullskjerm, men eg likar å ha desse tilgjengeleg heile tida. Med Internet Explorer 7 endra det seg, så han brukar eg berre når eg er absolutt nøydd. Kven bestemte at faner og toppdelen skulle ta så stor plass?

ie7

Firefox har eg brukt lenge. Det ordinære tema eller designet synes eg tek for stor plass, så eg har brukt tema som Microfox eller Littlefox for å knappar, menyar, adressefelt og søkefelt så små som mogleg. Men det går han å stokke om på knappar og legge dei opp i menylina slik at ein kan spare seg for knapperad Navigasjon. Bokmerker brukar eg ikkje fordi eg har mine bokmerke tilgjengeleg via Yahoo. Dei blir tilgjengeleg frå alle pcar som har Yahoo knapperad installert. Med tilpassingane endar opp med ein meny der alt av knappar og felt er plassert. Under der har eg Yahoo toolbar. Med tema Microfox tek ikkje alt dette stor plass:

mozilla

Korleis får ein knappane og menyen samla?

  • Høgreklikk på ei av Mozilla sine knapperadar (Navigasjon eller Bokmerker) eller menyen
  • Velg Tilpass.

mozilla tilpasse

  • Plukk ting av den orginale knapperaden og plassere dei menylina.
  • Slå av knapperaden som er tom
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s