EA og Crysis Warhead

1979426 Nok eit spel er infisert med SecuROM DRM med aktivering. Det merkelege er at han følgjer versjonen som er tilgjengeleg via Steam der spelet er knytt til din personlege konto. No kunne vi teke ei diskusjon om dette er lurt dersom Steam går konkurs eller leggjer ned, men den let eg vere for denne gong. I det minste har eg mine Half Life cdar slik at eg kan spele dei når eg vil. Tilbake til Crysis Warhead. I følgje Steam sine sider:

3rd-party DRM: SecuROM™
5 machine activation limit

Eg har og har hatt mange maskiner. Stasjonære er er å foretrekke når ein vil ha full yting og bra grafikk. Skal ein på reis er det fint å kunne spele i ledig tid på ein berbar. Med ungar i huset er det ikkje alltid at favorittmaskinene er ledige, så det er greitt å ha spelet tilgjengeleg på fleire maskiner. Med Steam er det ikkje noko problem. Heller ikkje med CD eller DVD skapar problem sidan ein kan flytte plata rundt mellom maskinene. Ja, eg synkroniserer lagringar mellom maskiner om du lurer på det.

Half Life kom for 10 år sidan og sjølv om det teknisk ikkje er fantastisk er speleopplevinga framleis det. Eg har hatt fleire maskiner enn 5 sidan 1998 og er ein ivrig oppgraderer. Det har vorte skifta grafikkort, prosessorar, hovudkort, platelager m.m. som hadde blitt registrert som mang ei endring. DRMen hadde trudd eg hadde ei maskin. Ny maskin eller vesentleg endring = 1 aktivering. Eg hadde gått tom for aktiveringar etter kort tid om dette f**nskapet hadde eksistert for 10 år sidan. Vil eg plukke fram Crysis Warhead om 10 år, vil det bli problem.

La meg gi eit eksempel. Eg vart introdusert til Steam sidan eg fekk ei gåve frå ein kamerat. Han kjøpte ei samlepakke med Half Life 2  samt dei 2 første episodane til seg sjølv. Half Life 2 og Half Life 2 Episode 1, som han hadde frå tidlegare når dei kom ut, gav han vekk som gåve via Steam. Som meg er han ein som skifter pc og oppgraderer. Eg er rimeleg sikker på at eg hadde lege på grensa for aktiveringar på mi første maskin. Half Life 2 inklusiv epiosode-serien er fantastisk. Eg kjem garantert til å plukke dei fram att om x år for å spele gjennom igjen og eg kan garantere at eg ikkje har dei same maskinene då. Det hadde blitt surt å måtte konstatere at eg ikkje kunne spele og måtte legge ut for ein ny lisens.

Eg har vener som spelar ein del meir enn meg og det hender at eg låner eit spel for å spele det. Det kan vere spel som er interessante, men som eg ikkje er sikker på passar meg. Med DRM vil det ikkje det lenger vere lurt. Kanskje er det ikkje att fleire aktiveringar eller det verste er at eg vil redusere tal aktiveringar for venen slik at han ikkje kan plukke fram spelet seinare. Demoar kan vere so som so eller ikkje tilgjengelege. Er spelet godt, kjøper eg det. Her introduserer DRMen eit problem for produsenten. Eg blir ikkje introdusert for nye spel og får ikkje eit grunnlag for å kjøpe.

Det blir problem å kvitte seg med spel dersom eg ikkje finn det verdig til å få ein plass i samling mi. Det er mangt eit spel eg ikkje har vore nøgd med og stoppa å spele etter kort tid. Å kunne selje det for ei rimeleg penge eller gi det vekk til nokon er ein fordel for meg så vel som mottakar. Eg kan med andre ord ikkje gjere eit hardare forsøk enn ein kort demo på ein spelesjanger som ikkje er min favoritt. Også på dette punktet skapar DRMen eit problem for produsenten. Eg blir meir selektiv i mine kjøp og vil ikkje prøve spel som ligg i grenseland for mi interesse. Kanskje hadde eg vorte hekta på ein ny type spel, men det får diverre ikkje produsentane nyte godt av når eg ikkje får noko incitament til å bryte «gamle vanar».

Konklusjon:
Crysis Warhead blir ikkje kjøpt korkje på Steam eller i butikken. Ikkje kjem eg til å gi det vekk i julegåve heller.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s