EA og Spore – har dei sove i timen?

1895722 Etter ei tid med låst musikk med ulike former for DRM (Digital Rights Managment) for å sikre at du ikkje gir vekk musikken til gud og kvar mann, er musikkbransjen på veg fekk frå DRM. Problemet er musikk på ein pc. Som ein skigard kan du banne på at ein pc og ein mp3-spelar ikkje varar evig. Takka vere DRM kan du kanskje få skifte, oppgradere pcen, reinstallere operativsystem eller oppgradere operativsystemet 2 til 3 gonger. Musikken kan synkroniserast mot ein MP3-spelar litt oftare, men har ikkje mange av oss fleire MP3-spelarar og er det ikkje nye modellar vi berre må ha?

Kva gjer du når du er tom for rettar? Ber om nåde til nettbutikken og spør fint om du kan få ein til fordi du har kjøpt den siste typen nettpc eller ultraportable pc som du skulle hatt musikken på. Kor mange gonger kan du gjere det før dei set foten ned? Ingen vil ha slike system og nettbutikkar tilbyr no meir og meir musikk utan detta hersens DRM-systemet. Yahoo la ned heile skiten, men i motsetning til andre nettbutikkar innsåg Yahoo at når dei la ned, ville og lisensserverane bli lagt. Dei som ville ha att pengane for musikken, fekk det.

I det siste er det utgitt ein del spel som Bioshock, Mass Effect og no sist Spore frå skaparen av The Sims-serien. Spore let deg aktivere spelet 3 gonger. EA kan ikkje vore med i denne verden dei siste par åra og fått med seg utviklinga på musikk. Som med Windows kan det lett bli til at du må aktivere ein gong til dersom du gjer større endringar på pcen din, jf. over. Skulle du gå tom for aktiveringar må du ringe EA. Har du ei god forklaring kan du nok få aktivere ein gong til, men dei er ikkje forplikta. Det kan fort ende med at du må tusle til butikken og kjøpe ein ny lovleg kopi. Når aktiveringsserverane blir lagt ned, sit du der med noko verdilaust.

Det verste var at ein måtte autentisere den installerte kopien kva 10. dag. Kva om du var på reis og ikkje hadde tilgang til nett rundt den tida? Dette har dei gått bort frå, men det viser berre kor korttenkte dei er. Ein tenkjer berre på ei side av saken: Alle er kjeltringar og det skal ikkje vere ein kopi utan at han er betalt for. Problemet er berre at systemet er knekt før Spore vart offisielt utgitt. Kor tankelaust er det å plage ordinære, betalande pc-spelar med slike regime når dei som ikkje vil betale for spelet likevel får tak i det?

SecurROM og EA sitt nye system er som å pissa i havet: Du blir varm ei kort tid, men det vil ikkje berga deg frå å fryse i hel. Da versta er at dei har tenkt å implementere DRM på alle framtidige titlar. Ver så god EA, men hugs at isen har senka større ting før om ein gidd å slå opp i historiebøkene på året 1912.

Her har du litt reaksjonar på dette:
http://www.tomshardware.com/Spore-DRM,video-301.html
http://www.amazon.com/Spore-Mac/dp/B000FKBCX4/ref=pd_bbs_sr_1?ie=UTF8&s=videogames&qid=1221317745&sr=8-1

Sjekk brukartestane på Amazon!
http://forum.spore.com/jforum/posts/list/240.page

I tillegg har eg funne ut at du berre kan ha registrert ein konto hos EA pr. kopi. Det blir litt vanskeleg å lagre individuell framgang dersom du har konto på pcen for mor, far og barna og alle spelar Spore. Det beste av alt er at EA hevdar at manualen, som seier at det skal gå an å ha fleire konti pr. kopi, har trykkfeil om dette:
http://forum.spore.com/jforum/posts/list/103.page

Spore er ikkje min type spel. Command and Conquer Red Alert 3 skal visst ha same type DRM. Eg må hugse på at Mass Effect, Spore og C&C Red Alert 3 skal eg ikkje gi bort i julegåve. Eg unner ikkje min verste fiende å slite med slike DRM-system.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s