Tur: Fivelshola (Flotande) og Flyane

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til bommen ved vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre er grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Turen innover til Fivelshola, eller Flotande som staden òg blir kalla, kan lett kombinerast med ein tur til Flyane. Stølen Flyane ligg berre 500 meter lenger inn dalen frå Fivelshola. Har du kjøpt fiskekort, hjå den lokale sportsbutikken, kan du ta ein dag med å fiske etter aurekjøer på begge plassane.

Frå bommen må du rekne med ca 1 time gangtid langs traktorveg til Fivelshola og Flyane. Vegen er ikkje bratt og passar ypperleg til dei første trimturane før du gyv laus på dei brattare turane, som t.d. Skagasete, Lusaskard m.m. Det går fint å sykle, sjølv om siste 1/3 av vegen har noko grovt dekke. Ved å sykle vil starten og slutten på lengre turar til Kjeringafjell, Trastadalen, Friksdal og Fjærlandsete bli meir behaglege. Det er knapt noko betre enn å setje seg på sykkelen etter 5-6 timar og rulle heim den siste, men dryge, halve mila.

I Fivelshola finn du trimposten til Syril festa til ei gran. Herifrå går det ein tydeleg sti bratt oppover til Sevi, 793 moh. Frå Sevi kan du gå vidare opp forbi Blankavatnet og til Kjeringafjell, 1314 moh.

Frå Flyane kan du velje å gå på vestsida av dalen fram til Friksdalen eller på austsida og anten gå opp Reiseta til Fjærlandsete eller halde framover dalen til Åsenosi og koma opp i Trastadalen eller i Myrdalen.

Advertisements

3 thoughts on “Tur: Fivelshola (Flotande) og Flyane

  1. Tilbakeping: Tur: Røsebotn | Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: Tur: Ryggen mellom Vogga og Røsebotn | Arild Bjørk

  3. Tilbakeping: Tur: Raumålsgrinda frå stadion | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s