Tur: Skagasete via Haoahaug

Eg har tidlegare lagt ut Tur: Skagasete inn Njøsadalen. Felles for begge turane til Skagasete er at dei startar på Kvålen. På turen om Haoahaug følgjer du ikkje traktorvegen, men tek av, opp skogen, like etter grindene ved starten av Njøsadalen. Dei 21 første bilete av turen til Haoahaug viser første del av turen.

Ved Haoahaug møter du på stien som kjem opp frå Dalenfeltet. Stien til Skagasete frå Haoahaug er tydeleg. På turen passerer du gamle kvilesel/kvilehytter, løer på attgrodde teigar, nyrydda teigar, kraftliner og forbi gamle almar. Seinvåres og på seinsommaren kan møte du sauer. Dei er van med at eigarane kjem med noko til dei, så det kan verte litt styr når lam og sauer kjem deg brekande i møte. Om sommaren kan det gå kyr eller hestar ved stien. Dei er meir beskjedne og bryr seg lite om at du kjem pesande forbi.

Turen er eit godt alternativ for dei som synes at Bjørgahaug blir litt for bratt og luftig eller dei som ønskjer at turen skal ta litt lenger tid. Her er det ingen stupbratte berg du må gå langs og turen har noko svakare stigning. Bjørgahaug ligg på ca 300 moh med 240 høgdemeter å gå. Skagasete ligg på 500 moh og frå Kvålen skal du opp ca 420 høgdemeter. Dei skal fordelast over ein dobbel så lang tur, men eg skal lova deg at du vil få sveitte. Du bør rekne med 45 min til timen, som er vel dobbel tid av turen til Bjørgahaug. Etter at grunneigarane på Skagasete fekk fjerna nokre store granar, har utsikta til Hermansverk fin. Når du er oppkomen, kan du velje om du vil gå ned same vegen eller gå ned traktorvegen, som kjem opp Njøsadalen og få deg ein rundtur. Vil du ta ein lengre tur, kan du gå vidare til Lusaskard på 1000 moh.

Turen til Skagasete er delt opp i to deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til bilete 25
    Området er snauhogge sommaren 2017, men sti er grei å følgje. Du har utsikt til Hermansverk heilt til Haoahaug.
  2. Haoahaug til Skagasete
Advertisements

One thought on “Tur: Skagasete via Haoahaug

  1. Tilbakeping: Tur: Njøsadalen rundt | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s