Tur: Hangsete

Har du teke turen til Bjørgahaug, bør du vurdere om du vil gå til Hangsete. Hangsete er ein støl som ligg eit stykke over der Fatla-elvi stuper ut over fjellet. Stien er lett å følgje og er ikkje så bratt som første delen opp til Bjørgahaug. Frå Bjørgahaug går du innover og i sikk sakk opp til Anhovden. Dette er den brattaste delen. Etter Anhovden går turen innover mot Fatlaelva i slak motbakke. Ved Ste er det rydda for eit utsiktspunkt med gapahuk i 2014. Ta deg ein pause her og nyt utsikta over fjorden. Har du med deg kikkert og er der på det rette tidspunktet kan du studera nærare på cruiseturistane som kjem inn og ut frå Flåm.

På Hangsete er det god tilgang til vatn, så du treng ikkje ta med drikke. Frå Njøs bør du rekne med at turen tek 1 time og 30 minutt. Hangsete treng ikkje vere endestasjon for ein turgåar. Du kan gå over til stølen Kråkesete, på motsett side av Fatleelva, i Sogndal kommune. Frå Kråkesete skal det vere ein sti ned til Slinde.

Du kan halde fram innover bak Mjellhaugane til nokre vatn og/eller gå til Skriki, eit fjell på vel 1.200 moh som ligg ved Øvstedalen i Fardal i Sogndal kommune. Går du langs Mjellhaugane, på vestsida, kan du gå ned Kvannaskard eller Moldbakken og kome ned Njøsadalen. Frå Havrane eller Kvannaskard kan du gå ned Njøsadalen til Kvålen eller gå stien frå Fadnastølen heim til Njøs.

Turen frå Njøs til Hangsete har eg delt inn 2 deler:

  1. Frå Njøs til Bjørgahaug
  2. Frå Bjørgahaug til Hangsete
Advertisements

3 thoughts on “Tur: Hangsete

  1. Tilbakeping: Tur: Njøs til Bergsete via Hangsete | Arild Bjørk

  2. Tilbakeping: Tur: Bjørgahaug frå Sanden | Arild Bjørk

  3. Tilbakeping: Tur: Njøsadalen rundt | Arild Bjørk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s