Tur: Raumålsgrinda

Turen til Raumålsgrinda er ein kort tur etter gamal sti. Turen startar på Skahaug, ca 1,5 km frå parkeringsplassen på Kleppa. Du kryssar gamle vatningsveiter til gardane på Henjum. I 2012 vart det teke ut skog i området. Ein følgje av det er at turen er mykje opnare. Du har utsikt ned mot Hermansverk  på mykje av turen.

Det kan til tider vere ein del fuktigheit på stien som saman med røtter til tre, barnåler, kongler og svaberg gir ein viss risiko for å skli, spesielt på vegen ned att. Etter ca 1 km gange kryssar stien ein grusveg som vart laga til i samband med eit nytt høgspentstrekk for nokre år sidan. For dei som ønskjer å ikkje gå til Raumålsgrinda, kan ein gå 1 km tilbake til vegen som går til Kleppa for deretter å gå ned att ca 1 km til utgongspunktet. For oss som held fram til Raumålsgrinda, går ein ca 100 meter opp ein traktorveg før ein følgjer stien ut mot Henjedalen. Etter 50 meter kjem stien saman att med spor frå skogsmaskinene. Med andre ord kan du følgje spora til skogsmaskinene. Maskinene har køyrt opp Raumålsbakkane og nesten heilt fram til Raumålsgrinda.

For å sleppe å ta turen ned same vegen, kan du følgje stien tilbake til Kleppa og gå ned vegen til Skahaug. Du må gå ca 50 meter i retning mot Stokksete, før du går til venste og inn i skogen. Eg vil absolutt tilrå at første gongen du tenkjer på å ta ein slik rundtur så parkerer du på Kleppa går derifrå for å gjere deg kjent med kor stien startar over Raumålsgrinda.

Raumålsgrinda er ein mellomstasjon for tur til Stokksete. Frå Stokksete passar det å gå vidare og kome ned att på parkeringsplassen på Kleppa. Vil du ikkje til Stokksete, kan du følgje ein sti som går tilbake til parkeringsplassen på Kleppa frå Raumålsgrinda. Føler du deg ekstra sprek kan du ta langturen til Kjeringafjell på 1.314 moh. Til ein slik tur bør du setje av ein heil dag. Ein mellomlang tur vil vere å gå rett vest frå Stokksete til Smørklett for deretter å gå ned att på Kleppa.

Turen til Raumålsgrinda gir deg med andre ord eit allsidig utgongspunkt for flotte turar i fjellområdet på vestsida av Henjadalen.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s